70  sumrar  på  landet

70 sumrar på landet

Han er fødd i byen mellom dei sju fjell, og har arbeidd for den største eksportvara i byen; Hansa. Slik sett er Ove Walle erkebergensar å rekna, men hjarta har alltid vore på landet.

Ove Walle såg dagens lys i 1943, seks år etter at mor og far hans gifta seg. Han var eit etterlengta born, og fekk det han peika på. Ove vaks opp på Leitet i Bergen, rett ovanfor stadsporten på Fjellsiden. Men spolar vi enno nokre år attende, kom slekta til Ove frå Kjenes på Lindås. Oldefar hans kjøpte gard på Valle. To av sønene flytta til Bergen, ein av dei var bestefar til Ove. I Bergen var ikkje etternamnet pent nok, så dermed blei Valle til Walle.

Ove og systera ein tidleg sumar på Sellevoll, saman med mor.

– Bestefar fekk seg jobb som anleggsarbeidar i Bergen kommune, og var mellom anna med på å byggje stemma til Storediket, ein del av vassforsyninga til Bergen. Men han kjende heile tida at han høyrde til på Vallevik, så han var der så ofte han kunne, fortel Ove.

Som liten gut fekk han vere med besteforeldra til sommarhuset, med bøkeskogen som boltreplass og Seimsfjorden som næraste nabo.

– Mi interesse for fjordabåtane blei skapt her ute. Bestefaren min kjende mannskapa på fjordabåtane, og som liten gut var det stort å få kome på brua søndags ettermiddagane på veg til Bergen, fortel Walle, og minnast alle dei flotte somrane på landet.

Då han blei litt eldre starta han sin store hobby i oppveksten, å føre statestikk over fjordabåtane som gjekk forbi hytta ved Radsundet.

– Fem om morgonen låg eg og venta på dei fyrste dampbåtane som seig forbi, fortel han med glimt i augo. Bøkene der han sirleg førte statestikk, og gav poeng etter kor mange ganger båtane passerte i løpet av sumaren, har han tatt vare på.  

Alverstraumen østre løp i 1905, Fylkesbaatane´s d.s. Alden på sør. Skarsveten bak i horisonten, Flatholmen akter med Tveitøya til venstre. Bak neset til høgre ligg Kvamsvåg. Foto: Lauritz Johan Bekker, kolorering Robert G. Storøy
Eit av bileta i Ove sitt rikhaldige arkiv over fylkesbåtane. Alverstraumen østre løp i 1905, Fylkesbaatane´s d.s. Alden på sør. Skarsveten bak i horisonten, Flatholmen akter med Tveitøya til venstre. Bak neset til høgre ligg Kvamsvåg. Foto: Lauritz Johan Bekker, kolorering Robert G. Storøy.

Krig og armod

Under krigen herja fattigdom og armod. Tyskarane hadde stadig kontrollar ved fjordabåtane sine ankomstar til Bergen, og konfiskerte det som fanst at mat og verdiar. Men Ove fortel historia om den gangen bestefaren drog opp ei kveite på 50 kilo utanfor Vallevik.

– Han fekk delt opp kveita og frakta den til fiskeforretninga i Bergen før tyskarane fekk nyss om det. Ordet gjekk om at Johannes Walle hadde kveite i fiskebutikken i Skoltegaten, og før klokka passerte tolv på måndagen var alt vekke, fortel Ove.

Vesle Ove får trøyst av tanta etter å ha gått den lange vegen frå Vallevika, over Litleskare og ned til Skarsvågen der han og familien tok båten heim til Bergen.
Vesle Ove får trøyst av tanta på ein av dei lange turane frå Vallevika, over Litleskare, og ned til Skarsvågen der han og familien tok båten heim til Bergen.

Ei anna historie som fortel litt om nøysemda på den tida, er om då byfolket skulle ta båten heim til Bergen om sundagane. Då båten låg til kai på Vallevik, sat dei berre frå seg tinga og steig av att. Båten gjekk vidare til Hundvin, og der fløyta han. Då visste familien at det var på tide å gå, og heile slekta gjekk i flokk og følgje over Litleskare og ned til Skarsvågen for å spare frakt. Ove hugsar at det var langt å gå for små føter, og han måtte ofte få litt trøyst og motiverande ord på vegen.

Sommaridyll i Lammavågen

Bestefar til Ove ville gjerne overta sommarhuset i Vallevik, men bror hans ville ikkje selje. I staden kjøpte Johannes Walle tomt på Sellevoll, og i juni 1949 tok dei den nye hytta i bruk. Sidan har Ove feriert her kvar einaste sommar i 70 år.

– Då eg var ung budde vi her kvar sommar i åtte veker. Eg gledde meg storleg. Her var så mange jamnaldrande og vi unge nærast budde i Lammavågen. Det var sommarparadiset vårt, fortel Walle. Vågen nedanfor skulehuset på Fosse hadde sandstrand og ein stor grasplen der ungdommane samla seg. Både byfolk og fastbuande fiska i Radfjorden.

– Ein sumarkveld midt på 1950-talet kan eg hugse at eg talde 26 båtar som låg ved grunna og dorga. Det må vere rekorden, minnast Walle.

I alle år har Ove fiska ute i fjorden på Sellevoll, og dradd i land både store og små fisk. Ynskje om å kunne dra opp ein Steinbit levde i mange år. Endeleg, sumaren 2009 sat den i trollgarnet rett ut for Trosvika. Den veidde heile 11 kg.
I alle år har Ove fiska ute i fjorden på Sellevoll, og dradd i land både store og små fiskar. Ynskje om å kunne dra opp ein Steinbit levde i mange år. Endeleg, sumaren 2009 sat han i trollgarnet rett ut for Trosvika. Den vog heile 11 kilo.

Ove hjerter Hedwig

Me spolar nokre år tilbake igjen. Ove vaks opp med den søtlege vørterlukta frå Hansa som næraste nabo. Han gjekk handeslgymnasium, og fekk seg jobb med kjøreoppgjeret på Hansa. Øl var ei høgt skatta vare, og om dei 61 sjåførane i Bergen talde feil, måtte dei skulde sjølv.

– Sjåførane til Hansa var som kongar i Bergen. Trikken måtte pent vente om Hansabilen skulle losse, erindrar Ove, og humrar medan han fortel.

Ove steig i gradene, og enda som rekneskapssjef for Bergens institusjon, Hansa.

Hansa bil i Kong Oscarsgate ved juletider midt på 1950-tallet. Dette er ein Bedford lastebil som for høvet (jula) er dekorert i fronten med nisselue og kristtorn. Slik såg alle hansabilane ut ved juletider i den tida. Det spesielle med dette biletet er at bilen sperrar for trikken, som må venta medan Hansafolka leverar varar til Furnes Kolonial. Foto: Stillbilde fra Svekon Film.
Hansa-bil i Kong Oscarsgate ved juletider midt på 1950-tallet. Dette er ein Bedford lastebil som for høvet (jula) er dekorert i fronten med nisselue og kristtorn. Slik såg alle Hansa-bilane ut ved juletider i den tida. Det spesielle med dette bilete er at bilen sperrar for trikken, som må vente medan Hansafolka leverar varer til Furnes Kolonial. Foto: Stillbilde fra Svekon Film.

I 1970 trefte han kona Hedwig. Ove var turleiar for turlaget frå Li til Høgabu i Bergsdalen, og Hedwig var med på turen. Det oppstod søt musikk, og då følgjet avslutta med dans på «Håndverkeren», det som seinare vart Rick`s kafé, tok Ove mot til seg.

Hedwig i den koselege stova på hytta.
Hedwig i den koselege stova på hytta.

– Eg stupte over golvet på siste dans og engasjerte ho. Det var suksess, for i 1972 gifta vi oss, fortel han med glimt i augo.

Heldigvis fall Hedwig like mykje for den raude hytta på landet. Hageinteressa har dei to alltid hatt felles, noko den frodige hagen ber preg av. Litt av fortida ved bøkeskogen har dei tatt med seg; ein frodig bøkehekk som omkransar hytta.

Hedwig lukar i den frodige hagen.
Hedwig lukar i den frodige hagen.
Hytta er omkransa av ein flott bøkehekk.
Hytta er omkransa av ein flott bøkehekk.

Sytti sumrar på Sellevoll

Borneborna Tobias (16) og Håvard (11) har fått auga på eit ekorn i lerka i hagen. Den hoppar over gjerdet, og forsvinn mellom nausta der nede. Golden retrieveren Ronda forheld seg roleg, og er slett ikkje interessert i inntrengjaren. Bestefar Ove er meir interessert i fjordabåten «Vingtor», som passerer nedi sundet. Han reiser seg og vinkar. Dei fleste skipparane kjenner Ove, og gir han nokre tut på fløyta i det dei passerer Trossevika.

Det glitrar i Ove sine auge i det han snur seg.

– Veit du, når eg og Hedwig kjem ut hit er det som om ein sekk dett av oss. Vi gløymer både alder og irritasjonar.

Han smiler. Den syttiande sumaren på Sellevoll ligg an til å bli ein fin ein.

Dei fleste skipperane kjenner Ove, og gir han nokre tut på fløyta i det dei passerer Trossevika.
Dei fleste skipparane kjenner Ove, og gir han nokre tut på fløyta i det dei passerer Trossevika.

Gjennom portrettserien «Folk i Alver» vil vi at du skal bli litt betre kjent med menneska som bur her og livet deira. Folka i Alver er berebjelken i den mangfaldige og levande kommunen vår.

Close Menu