No  kan  du  røyste

No kan du røyste

9. september er det kommunestyre- og fylkestingsval. Førehandsrøystinga startar måndag 12. august, og varer fram til 6. september.

Her kan du førehandsrøyste:

Rådhuset Frekhaug

Måndag 12.08 – fredag 06.09. kl. 0800 – 1530

Utvida opningstid:

Laurdag 31.08 kl. 1100 – 1500

Måndag 02.09 – torsdag 05.09 kl. 0800 – 1900

Rådhuset Manger

Måndag 12.08  – fredag 06.09 kl. 0830 – 1500

Utvida opningstid:

Laurdag 31.08 kl. 1100 – 1500

Måndag 02.09 – torsdag 05.09 kl. 0830 – 1900

Rådhuset Knarvik

Måndag 12.08 – fredag 06.09 kl. 0800 – 1530

Lindås folkeboksamling i Knarvik (biblioteket)

Måndag kl. 1100 – 1900

Tysdag kl. 1100 – 1500

Onsdag kl. 1100 – 1900

Torsdag kl. 1400 – 1900

Fredag – Stengt

Laurdag kl. 1100 – 1500

Lindås filial, Lindåshallen (biblioteket)

Måndag kl. 1200 – 1900

(Tidlegare hadde vi skrive at røystelokalet i Lindåshallen opnar kl. 11. Røystelokalet opnar kl. 12. Vi beklagar feilen!)

Kven kan førehandsrøyste?

Alle veljarar!

Du kan førehandsrøyste i den kommunen du sjølv ønskjer. Dersom du førehandsrøyster i ein annan kommune enn der du er innført i folkeregisteret, må du gjere dette tidleg. Røysta må nå fram til heimstadkommunen din innan valdagen, gjennom posten. 

Hugs å ta med deg gyldig legitimasjon (pass, førarkort, bankkort eller liknande) og gjerne valkortet du får tilsend i posten. Å ta med valkort er ikkje noko krav, men det lettar arbeidet for valmedarbeidarane.

Lurer du på noko om valet?

Les meir på våre val-sider: https://alverkommune.no/val/

Close Menu