Tre  millionar  prosjektsatsing  for  å  skape  ny  næringsutvikling  i  Mongstad  Industriklynge

Tre millionar prosjektsatsing for å skape ny næringsutvikling i Mongstad Industriklynge

Nordhordland Næringslag, Industriutvikling Vest og Alver kommune startar opp fellesprosjekt for ny grøn næringsutvikling i Mongstad Industriklynge.

– Mongstad er i dag den største energiindustriklynga i Noreg, med over 100 bedrifter og nærmare 3000 arbeidsplassar, og området er i stadig vekst. Prosjektet skal kartleggje moglegheiter og komparative fortrinn som grunnlag for ein felles strategi, handlingsplan og nye grøne arbeidsplassar. Prosjektet skal utvikle eit konsept og marknadsføre klynga nasjonalt og internasjonalt, fortel Tanja Hoel, næringssjef i Alver kommune.

Ei allereie sterk industriklynge

– Det har vore avgjerande at vi har fått dei toneangivande aktørane ute på Mongstad med, for å utvikle eit felles konsept for profilering og utvikling av nye arbeidsplasser, seier Baste Tveito, dagleg leiar i Nordhordland Næringslag.

– Mongstad er eit av næringsområda i Hordaland som har størst potensial for å skape nye grøne arbeidsplassar. Vi har allereie ei sterk industriklynge, har grøne energiressursar og vi vil leggje til rette for auka bruk av næringsareal og fleire arbeidsplassar, fortset han.

Søknaden kjem som eit initiativ frå privat og offentleg samarbeid gjennom Nordhordland Næringslag, Industriutvikling Vest og nye Alver kommune. I tillegg bidrar Invest in Bergen i prosjektet med utarbeidinga av ei ny digital plattform «Green spot Mongstad» for profilering av industriklynga. Prosjektet koplar inn dei leiande forskingsmiljøa i regionen på energiomstilling. Hordaland fylkeskommune har tildelt 1,4 millionar kroner til prosjektet frå omstillingsutvalet.

– Vi vil at kommunen skal vere ein attraktiv kommune for industri, næring og innovasjon. Næringslivet i Lindås kommune har sterke industrielle tradisjonar, der aktiviteten på og omkring Mongstad har vore lokomotivet i næringslivet vårt dei siste tiåra. Formannskapet har derfor einstemmig vedteke å støtte prosjektet med midlar fra vårt eige næringsfond, sier ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF) i Lindås kommune.

Sirkulær økonomi

– Å tenkje sirkulær økonomi er ikkje berre bra for miljøet. Det kan også vere ei økonomisk gulrot, seier Børge Brundtland, dagleg leiar i Industriutvikling Vest.

Energieffektivisering og utnytting av sidestraumar frå prosessindustrien kan ha eit betydeleg verdiskapingspotensial for energi- og prosessindustri, andre næringar og for vårt lokalsamfunn. I ei verd der presset på naturressursane aukar, er det avgjerande for miljøet og klimaet at ressursar blir brukte og gjenbrukt meir effektivt. Utnytting av sidestraumar frå industrien kan vere verdidrivarar for ei slik målsetting.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Tanja Hoel, næringssjef i Alver kommune tanja.hoel@lindas.kommune.no  928 01 315

Close Menu