Sterk  dugnadsånd  i  Alver

Sterk dugnadsånd i Alver

Ei fersk kulturundersøking visar at 2 av 3 bidrar aktivt til kultur- og aktivitetstilbodet i Lindås, Meland og Radøy.

– Vi høyrer ofte at dugnadsånda er i endring, og at færre vil vere frivillige.  Eg har spurt meg sjølv «Er det verkeleg slik?» Inntrykket mitt har vore at dette ikkje stemmer for kommunane som byggjer Alver kommune, seier han som blir kultursjef i Alver kommune, Eirik Bouwer Utne.

Det gjer det heller ikkje.

­I ei kulturundersøking Respons Analyse har gjort for Alver seier 28 prosent at dei deltar aktivt gjennom ulike verv i lag og organisasjonar, medan 39 prosent bidrar aktivt på andre måtar. Totalt nyttar 86 prosent av innbyggjarane seg av ulike kultur- og aktivitetstilbod i kommunane.

– Takk til alle frivillige!

– Med så mange aktive har vi stor gjennomføringskraft i kommunane våre, seier kultursjefen.

Undersøkinga seier også noko om kvifor folk jobbar frivillig. Tre grunnar toppar lista:

  • Det sosiale fellesskapet
  • Interesse for aktiviteten eller organisasjonen
  • Eit ønske om å bidra til lokalsamfunnet

– Folk bryr seg! Det er berre ein ting å seie til dette: Takk til alle frivillige. Takk for innsatsen. Vi gler oss til fortsetjinga, seier Utne.

Ønskjer innspel og dialog

Dei tilsette i kulturavdelingane til Lindås, Meland og Radøy har jakta kunnskap og innspel til arbeidet med å byggje den nye avdelinga. I tillegg til kulturundersøkinga der 1000 innbyggjarar frå Alver-kommunane deltok, ligg «Norsk idrettsindeks for Alver 2018» på bordet til kultursjefen.

Rapporten visar at idretten står sterkt i Alver, med svært mange medlemmar og idrettslag.  Likevel ser vi at nedgangen i aktivitet blant barn og unge ligg over landsgjennomsnittet.

– Kunnskap om kva vi har og kva folk ønskjer er viktig for oss når vi skal byggje noko nytt. Begge rapportane seier til dømes at vi kan bli betre på tilbod til barn og unge. Kva bør vi betre på? Kva er viktig for oss? Dette er mellom spørsmåla vi vil løfte og sjå nærare på ilag med kultur- og  organisasjonslivet i tida framover, fortel Utne.

Close Menu