Tre  millionar  til  gründerprosjekt  for  flyktningar

Tre millionar til gründerprosjekt for flyktningar

Meland kommune har fått tildelt midlar frå Regionalt Forskingsfond Vestlandet til å utvikle og teste ei alternativ introduksjonsordning for flyktningar. No skal entreprenørskap bli ein del av opplæringa.

– Dagens introduksjonsprogram passar bra for nokre, men ikkje alle. Vi såg at mange av våre nye landsmenn hadde drive eiga bedrift i heimlandet, eller ønskte å starte bedrift. I Norge er oppstart av bedrift relativt komplisert, med mykje regelverk å halde styr på, fortel Cathrine Gangstø, integreringskonsulent i NAV Meland.

Saman med Høgskulen på Vestlandet har vi utvikla eit nytt program, som anerkjenner og styrkar flyktningane si gründervilje.

Den nye ordninga Gründersporet vil tilby opplæring i entreprenørskap frå første dag, kombinert med praksisretta norskopplæring og stor vekt på myndiggjering.

Oppstart i 2020

Gjennom 18 månadar opplæring får flyktningane den vanlege norskopplæringa, kombinert med kursing i korleis ein skal drive ei eiga verksemd.  

Forskarar frå Høgskulen på Vestlandet skal følgje prosjektet tett, og bidra til dokumentering, evaluering og naudsynt kursendring undervegs. Regionalt Forskingsfond Vestlandet har tildelt tre millionar kroner til følgjeforskinga.

– Det betyr utruleg mykje å få støtte og forskarar med på laget. Så vidt vi veit er det å kombinere gründeropplæring med introduksjonsprogrammet heilt nytt. Det er gledeleg at prosjektet får ei slik anerkjenning, seier Gangstø.

Stillinga som prosjektkoordinator er no lyst ut, og vi håpar å vere i gang med det første av to kull når vi går inn i Alver.

Ikkje daglegdags

– At ein kommune får tilskot til følgjeforsking er ikkje daglegdags. Forskarar skal følgje prosjektet heile vegen, noko som vil gi stor legitimitet til resultata, seier ein svært nøgd ordførar, Øyvind Oddekalv (Ap).

Gründersporet har fått midlar frå både Hordaland fylkeskommune, IMDI og Fylkesmannen, og frå politisk hald har det vore mykje positive tilbakemeldingar.

– Dei to hovudmåla med introduksjonsprogrammet er at flyktningar skal komme raskt ut i arbeid, og lære norsk. Vi trur at kombinasjonen med gründerverksemd er ei vinnaroppskrift, seier Oddekalv.   

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Cathrine Gangstø, integreringskonsulent i NAV Meland kommune, cathrine.gangsto@meland.kommune.no, 412 91 920

Close Menu