Alver-talent  på  landsfestivalen

Alver-talent på landsfestivalen

Ungdommar frå Alver er i desse dagar i Stjørdalen for å representere Hordaland i UKM.

19 år gamle Jone Nikolay Dale Rørvik frå Meland er ein av dei lokale talenta.

– Det var kjempegøy å gå vidare frå fylkesfinalen. Eg gler meg til å møte mange nye menneske, og til å få sjå ein ny plass. Eg har aldri vore i Stjørdalen før, fortalde han før avreisa.

Elskar å synge

I fylkesfinalen song han «Resistansen» av Kaizers Orchestra, til stor begeistring for publikum.

– Å stå på ein scene er alltid ei fantastisk oppleving for meg, då eg elskar å synge, og elskar å synge framfor folk. Men det som var best med å stå på scenen i fylkesfinalen, var å sjå alle dei eg har blitt kjende med gjennom UKM, og det å føle støtte frå alle saman. Å kunne gjere det ein elskar framfor andre som elskar det same som deg – det vil eg si at er heile essensen bak UKM, seier Rørvik.

Klikk her for å sjå Rørvik syngje i fylkesfinalen.

Flott arena

– UKM er ein fantastisk felles arena for ung kultur. Ungdommar frå Alver og heile Nordhordland samlast i fylkesfinalen for å vise det dei driv med, om det er visuell kunst, film, musikk, dans, media eller som konferansierar.  Og ikkje minst, UKM arrangerast av ungdommen sjølve, gjennom Unge Arrangørar. Eg har vore så heldig å få opplevd dette heilt sidan 2014, og det er like kjekt kvar gang, seier Eirik Bouwer Utne, kultursjef i Alver.

UKM-festivalen i Stjørdalen varer frå 24. juni til 28. juni. Rørvik frå Meland skal på scenen onsdag 26. juni.

Vi ønskjer alle deltakarane og arrangørane lykke til i landsfestivalen!

Her finn du lista over deltakarane frå Hordaland som gjekk vidare til landsfestivalen.

BILETE: Jone Nikolay Dale Rørvik er ein av deltakarane frå Alver i landsfinalen til UKM. Foto: UKM Media/Ingeborg Hole

Close Menu