Heilt  i  hundre  i  Austmarka

Heilt i hundre i Austmarka

100 gutar og jenter var fulle av energi då startskottet for den aller første barnehageturneringa for førskulebarn i Alver gjekk.

– Velkommen til barnehageturneringa 2019!

Til vanleg er Helge Myklebust pedagogisk leiar i Sæbø barnehage. I dag er han sjef for den første fotballturneringa for førskulebarn i det som snart er Alver kommune.

Turneringa er eit samarbeid mellom Sæbø barnehage og Radøy fotballklubb.

Medalje til alle

Helge har eit godt grep om mikrofonen. 100 barn frå sju barnehagar i Lindås, Meland og Radøy sit i ring midt på banen. Dei er klare for turnering på kunstgraset i Austmarka. Idrettsanlegget badar i sol!

– Når vi er ferdige her, blir det medalje… Til alle, seier Helge.

– Vil de ha medalje?

– Jaaaa! ropar 100 førskulebarn.

– Er de sikre? spør Helge.

– JAAAAA!!! ljomar svaret.

Årleg arrangement

Fotballturneringa har fått plass i kultur- og aktivitetsprogrammet til Alver kommune, og er den første av sitt slag i området.

– Sidan serviceanlegget til idrettanlegget her er under oppbygging, valte vi å berre invitere dei kommunale barnehagane i år. Men til neste år håpar eg vi kan utvide invitasjonen til alle barnehagar i Alver, seier Helge.

Han elskar fotball og synes det er kjekt å gjere noko som samlar bygdene.

– Eg håpar dette er starten på ein tradisjon!

Close Menu