Ute  no:  Ny  sommarbrosjyre  for  ungdom
Det blir ingen kjedeleg sommar for unge alverbuar.

Ute no: Ny sommarbrosjyre for ungdom

Ungdom i Alver kan glede seg til ein aktivitetsrik sommar!

Sommaraktivitetsprogrammet for 2019 er no komme ut, og det manglar ikkje på kjekke arrangement. Holmetur, klubbkveld, trampolinekveld, sjøaktivitetsdag, klatrepark, padletur og sommarleir, er berre nokre av møtestadane.

– Vi håpar mange ungdommar ynskjer å delta på aktivitetar, seier ungdomskoordinatane i Radøy, Meland og Lindås.

Arrangementa er for ungdom mellom 13 og 19 år.

Klikk her for å lese brosjyren digitalt.

Close Menu