Nei  til  flytting  av  bomstasjon
Fellesnemnda reagerte på bomstasjonen som er planlagt flytta frå Åsane til Klauvaneset. F.v. Nils Marton Aadland (H), Astrid Aarhus Byrknes (KrF), Karl Vågstøl (H) og leiar i fellesnemnda Øyvind Oddekalv (Ap)

Nei til flytting av bomstasjon

Fellesnemnda var klare i talen måndag ettermiddag. Dei ønskjer ikkje at bomstasjonen i Åsane skal flyttast til Nordhordlandsbrua.  

– Det er ikkje rett å flytte belastninga frå Åsane til berre dei som bur i Nordhordland, heiter det i uttalen frå fellesnemnda i Alver kommune.

Samrøystes gjekk dei inn for å sende ein uttale til fylkespolitikarane. Fellesnemda reagerer kraftig på framgangsmåten i samband med å flytte bomstasjonen i Åsane til Klauvaneset. I uttalen seier dei seg samde i innstillinga fylkesrådmannen har i saka.

Fellesnemnda meiner og at evalueringa i 2020 må innbefatte ikkje berre Bergen kommune, men samordning og belastning i heile Bergensområdet. Det var Høgre sine representantar som tok opp saka, og ønskte at fellesnemnda skulle uttale seg om flytting av bomstasjonen.

Det vart engasjement då Nils Marton Aadland (H) (f.v.), Øyvind Bratshaug (FrP), Bjarte Vatnøy (FrP) og dei andre politikarane skulle bli samde om ordlyden i bompenge-uttalen.

Landbrukskontor i regi av Alver

Under møtet i fellesnemnda måndag ettermiddag vart det og diskutert organisering av nytt landbrukskontor. Programansvarleg og Alver-rådmann Ørjan Raknes Forthun la vekt på dei store fordelane for både Alver kommune og for landbruket i Nordhordland ved å inngå samarbeid med omkringliggjande kommunar som ønskjer det.

– Vi ønskjer å samle ressursane, for å kunne jobbe best mogleg saman, sa Forthun.

Fellesnemnda var samde i at vertskommunemodellen er den beste for Alver. Alternativet er avtalar om kjøp av tenester. Det kan gje uklare ansvarsforhold i forvaltningssaker, og er vanskelegare å halde oversikt over.

– Vertskommunesamarbeid er ryddig og forutsigbart. Det er ei ordning vi kjenner til og veit korleis fungerer, sa Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF), som konkluderte innlegget sitt med at eit felles landbrukskontor blir ein vinn-vinn situasjon.

Nokre av dei andre sakene:

  • Tomteselskap: Trond Lomsøy, leiar i Lindås tomteselskap orienterte om korleis selskapet arbeidar. Selskapet er i dag heileigd av Lindås kommune, og skal vidareførast som eit tomteselskap inn i Alver.  – Vi legg til rette for sosial bustadutvikling og næringsutvikling, sa Lomsøy. Han fortalde og om nye tomter i Knarvik aust, Alverflaten og Hagellia. Fellesnemnda hadde seinare i møtet ein diskusjon om oppstartstidspunkt for arbeidet med handtering av kommunane sine interkommunale selskap, tomteselskap og vekstselskap inn i Alver.
Trond Lomsøy fortalde om Lindås tomteselskap.
  • Budsjett for fellesnemnda: – Vi har god kontroll på utgiftene, sa Martin W. Kulild, som blir assisterande rådmann i Alver. Han orienterte om budsjettpostane til fellesnemnda. Nina Bognøy (Ap) stilte spørsmål ved kvifor posten med eksterne konsulentar var redusert med 1 million kroner, og fekk til svar at det er fordi vi løyser fleire oppgåver internt.
  • Innplassering av tilsette: – Vi har stort sett innplassert alle leiarar. No jobbar vi med å komme i mål med mange av dei tilsette. Vi har store grupper som skal innplasserast med like arbeidsavtalar som i dag, orienterte Forthun. Tillitsvalde har vore med i heile prosessen, for å sikre at dei tilsette sine rettar er sikra på ein god måte.
  • Status gebyrregulativ: Målet for prosjektet er å utarbeide eit felles gebyrregulativ for Alver kommune. – Planen var leveranse i juni, fortalde Forthun. Arbeidet er omfattande, og det er realistisk å levere eit endeleg gebyrregulativ i samband med budsjettprosessen i november/desember.
Programansvarleg og ny rådmann i Alver, Ørjan Raknes Forthun, orienterte om status i dei mange Alver-prosjekta.
  • Bruk av rådhuset på Manger: Det skal vere aktivitet i alle dei tre noverande rådhusa etter 1.1.2020, og no er vi i ein kartleggingsfase for korleis vi skal bruke byggja. Formannskapet i Radøy kommune kom 9. mai med ein uttale om bruk av rådhuset på Manger. Formannskapet rår til at rådhuset skal brukast til kinosal, bibliotek, frivilligsentral, kulturskule, øvingslokale, innbyggjarrettleiing og fleksible kontorplassar. – Vi tar med oss dette i det vidare arbeidet med kontorkabalen, kunne Forthun fortelje. Radøy-ordførar Jon Askeland nytta høvet til å skryte over arbeidet.  – Vi har hatt ein god prosess, i dialog med alle på rådhuset, sa han.  
  • Menneske med nedsett funksjonsevne: Tenesta for menneske med nedsett funksjonsevne blir i dag drifta ulikt i Lindås, Radøy og Meland. Nils Marton Aadland (H) var uroa over om ny organisering i Alver vil bryte med dei prinsippa som har vorte følgde i Meland kommune. – Vi har innsikt i utfordringa, og eg forstår dykk. Så langt det lar seg gjere vil vi leggje til rette for vidareføring inn i Alver. Det er det nye kommunestyret som må ta stilling til kva prinsipp som skal liggje til grunn i tenesteytinga, sa Forthun.

Kven skal ha kontroll på kva, til kva tid?

Overgangen til Alver nærmar seg. Det er tre møte igjen i fellesnemnda; 2. september og 7. oktober. Etter ønskje frå politikarane, og for å sikre best mogleg politisk forankring i budsjettarbeidet, er det og komme inn eit eige møte om budsjett 30. september.

Fellesnemnda sin funksjon blir avslutta når det nye kommunestyret er konstituert. Det nye kommunestyret kan ikkje gjere noko som er bindande for eksisterande kommunar i 2019. Kommunestyret i Alver skal handsame saker som gjeld den nye kommunen.

Kirsti Gjetle Floen (Ap) i samtale med Jon Askeland (Sp).

– Kommunestyreperioden til dei noverande kommunestyra i Meland, Radøy og Lindås blir forlenga med to månadar. Avviklingsprinsippet skal liggje til grunn, og kommunestyret skal ha så lågt aktivitetsnivå som mogleg, forklarte Forthun.  

Nina Bognøy (Ap) stilte spørsmål om kva tid opplæring for dei nye folkevalde blir gjennomført. Vi har ikkje konkretisert dato endå. Det var brei semje om at sjølv om haustperioden med konstituering av nytt kommunestyre og avvikling av dei gamle kommunane blir hektisk, er det svært viktig å setje av god tid til folkevaldopplæring.  

Close Menu