Kulturprogrammet  har  noko  for  ein  kvar  smak!
Endeleg er sommarprogrammet klart for utsending. Eirik Utne og Nina Randal sit begge i arbeidsgruppa som står bak kulturprogramma.

Kulturprogrammet har noko for ein kvar smak!

Tysdag 28. mai fekk innbyggjarar i Nordhordland det nye kulturprogrammet til Alver i postkassen.

Vil du gå på biesafari, høyre nydelege lokale tonar på intimkonsert, ta med store og små på familiedag, oppleve midnattssola medan du går Radøy på langs, eller få eit historisk sus ved ein av dei eldste bygningane i Nordhordland? Då er nye Alver kommune plassen for deg!

Kulturprogrammet for juni, juli og august er spekka med aktivitetar for store og små i Meland, Radøy og Lindås.

– Tida går fort, og første del av kultur- og aktivitetsprogrammet i Alver er allereie over. Vi har sett konsertar, dialektføredrag, kunstrunde, guida turar og mykje anna – alt skipa til i eit godt samarbeid mellom kommunane og det flotte kulturlivet vårt, seier Eirik Utne, kultursjef i Alver.

Klikk her for å lese heile programmet!

 

Bli kjent i den nye kommunen

No er det andre av tre trykte program blitt sendt ut.

– Det er kjekt å kunne presentere eit kulturprogram som har aktivitetar gjennom heile sommaren. Her bør det vere noko for ein kvar smak, seier Bente Kopperdal Hervik, leiar i arbeidsgruppa for kultur- og aktivitetsprogrammet.

Ho håpar at både alverbuar og besøkjande vil nytta høvet til å bli betre kjende i den nye kommunen.

– Takk for den store responsen vi har fått på det første kulturprogrammet vårt. Ingen andre stader i landet har same oppslutnad om Stolpejakten som hjå oss. Denne fortset i dette programmet, og er ein av mange aktivitetar som bind oss saman, seier dei tre ordførarane Astrid Aarhus Byrknes (KrF), Jon Askeland (Sp) og Øyvind Oddekalv (Ap).

 

Stolpesuksess

Allereie i løpet av den første månaden hadde nesten 3.500 brukarar registrert over 31.000 stolpar, og mange har vorte kjende på stiar og turmål dei ikkje har vore før.

– Nytt høvet til å verkeleg nyte og dele den flotte naturen vår, og ikkje minst det store og vakre mangfaldet i kulturlandskapa våre, seier ein smilande kultursjef.

Mange av arrangementa i sommarprogrammet kan kombinerast med stolpejakt.

 

Arrangement for heile Alver

Arrangementa og aktivitetane i kultur- og aktivitetsprogrammet er eit samarbeid mellom kulturaktørar i Lindås, Meland og Radøy, ei arrangementrekkje i dei tre ko

mmunane, eller har ein tematikk eller storleik som gjer at heile Alver er nedslagsfelt.

Ønskjer du eller ditt lag å bidra med arrangement til kultur- og aktivitetsprogrammet?

Frist for å melde inn arrangement til programmet for september-desember er 22. juli.

På nettsidene til Meland, Radøy og Lindås finn du ein eigen aktivitetskalender, med endå fleire varierte og spennande arrangement.

Close Menu