Deler  Alver-utvikla  metode  med  heile  kommune-Noreg
Silje Andvik Hoaas og Olve Molvik fortalde om utviklinga av arbeidsprosessar i Alver i eit eige webinar.

Deler Alver-utvikla metode med heile kommune-Noreg

Saman med KS Konsulent har vi utvikla ein ny metode for å jobbe med arbeidsprosessar.

10. mai var Silje Andvik Hoaas i Oslo for å delta på eit webinar i regi av KS (kommunesektoren sin interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon). Ho er kommunikasjonsleiar og leiar for programkontoret i Alver og har stått i spissen for å utvikle metoden.

Kva er ein arbeidsprosess?

Ein arbeidsprosess er det kommunen gjer når vi leverer tenester til innbyggjarane. Eit eksempel kan vere korleis vi behandlar ein søknad om kulturmidlar. I tre kommunar kan det vere tre forskjellige måtar å løyse oppgåva på internt.

Når vi no skal bli Alver må vi bli einige om ein ny framgangsmåte, slik at vi sikrar eit likeverdig tilbod i heile kommunen.

Å skrive arbeidsoppgåvene på gule lappar er ein del av kartleggingsprosessen.
Å skrive arbeidsoppgåvene på gule lappar er ein del av kartleggingsprosessen.

Slik fungerer metoden

For å kartleggje søknad om kulturmidlar har vi eit tre timar langt møte, der vi går gjennom oppgåvene steg for steg i alle dei tre kommunane. I møtet deltar dei tilsette som behandlar søknaden, tillitsvalde og leiarar som er involverte i arbeidsprosessen.

Etter at vi har kartlagt situasjonen i dag, kjem møtedeltakarane med forslag til måtar å effektivisere og forbetre den nye arbeidsprosessen i Alver.  

Nyutvikla

Det finst mange metodar som tar for seg arbeidsprosessar, blant anna Lean, tenestedesign design thinking.

– Vi trengte noko som ikkje var like omfattande, forklarer Hoaas.

Løysinga blei å inngå eit samarbeid med KS-konsulent, og utarbeide ein ny metodikk. Målet var å finne ein ideell balansegang mellom kor lang tid vi disponerer, og å oppnå god kvalitet. Olve Molvik, seniorrådgjevar i KS-Konsulent har vore med og utvikla metoden.

– Vi måtte ha eit verktøy som sikra at vi kom gjennom volumet, men samstundes har medverknad og deltaking frå dei tilsette, sa Molvik, under webinaret.

Kultursjef Eirik B. Utne er ein av mange leiarar som har nytta seg av det nye verktøyet.
Kultursjef Eirik B. Utne er ein av mange leiarar som har nytta seg av det nye verktøyet.

Kontinuerleg forbetring

Ørjan Raknes Forthun, programansvarleg og framtidig rådmann i Alver, er svært nøgd med samarbeidet med KS-konsulent.

– Vi har prøvd å utvikle eit verktøy som er raskt og enkelt å lære og lett å ta i bruk innafor den tidsperioden vi har til kommunane skal slå seg saman, seier Forthun.

Han trekk og fram arbeidet med å byggje ein kultur for kontinuerleg forbetring.

– Det er viktig for oss å nå måla politikarane har sett i intensjonsavtalen, for kva vi skal oppnå ved samanslåinga til Alver kommune. Skal vi greie å nå dei måla må vi jobbe godt med kontinuerleg forbetring, ikkje berre inn mot Alver, men og inn i Alver. Det at vi har tatt i bruk arbeidsverktøy er ein viktig start på den prosessen, seier Forthun.

Inspirerande webinar

Gjennom webinaret til KS fekk vi delt den Alver-utvikla metoden med heile kommune-Noreg.

– Metoden fungerer og det er utruleg kjekt at metodikken vår blir løfta fram. Arbeidet med arbeidsprosessar har vore svært spanande å vere med på og webinaret inspirerer oss til å fortsetje det viktige arbeidet med å byggje Alver, seier Hoaas.

Sjå webinaret under:

Close Menu