–  Alver  er  eit  mini-Noreg
Baste Tveito hadde mange gode innspel på innspelsmøtet.

– Alver er eit mini-Noreg

Måndag var næringslivet i Alver invitert på eitt av tre innspelsmøte om næringsutvikling i Alver kommune.

Eit breitt spekter av representantar frå næringslivet var samla i rådhuset på Manger.

– Det er lenge sidan kommunegrensene vart sletta i byggjebransjen. Vi operer over heile Hordaland, sa Konrad Risnes frå Risnes elektro tidleg i møtet.

Næringssjef Tanja Hoel og dei tre ordførarane har invitert næringsliv til å vere med på utviklinga av Alver sin nye strategi for næringsutvikling. Dei eksisterande kommuneplanane og intensjonsavtalen ligg til grunn for arbeidet, og innspelsmøtet er ein del av kartleggingsarbeidet. Kartlegginga skal presenterast i fellesnemnda i september.

Representantane frå næringslivet blei utfordra til å sjå på korleis Alver skal leggje til rette for utviklingsarbeid både lokalt og regionalt, kva oppgåver det er naturleg at Alver prioriterer i framtida og gi ei vurdering av kor flinke kommunen er til å leggje til rette, saksbehandle og yte service ovanfor næringslivet.

Tanja Hoel og ordførar Jon Askeland inviterte  næringslivet på innspelsrunde.
Tanja Hoel og ordførar Jon Askeland inviterte næringslivet på innspelsrunde.

Auke kompetansen

– Kva er våre komparative fortrinn, og kva kan vi byggje vidare på, undra Hole.

Ønskja frå fleire av deltakarane var å ha ein handlekraftig og kompetent samarbeidspartnar i kommunen.

– Alver er eit lite mini-Noreg. Vi er store på blant anna industri og landbruk, sa Baste Tveito frå Nordhordland Næringslag, og skrytte over dei ulike områda alverbuen framhevar seg på.

Tveito la vekt på at kommunen no har ein unik moglegheit til utvikle kompetansen når tre kommunar blir til Alver 1.1.2020.

– Vi treng ikkje finne opp hjulet på nytt. Sjå på kva andre kommunar gjer, og reis og besøk dei, rådde Tveito.

– Eg har stor tru på kommunesamanslåing. Det er bra med eit større fagmiljø og meir kompetanse. Å få ein god og kompetent organisasjon er nøkkelen, sa Øyvind Blom, dagleg leiar i Blom Fiskeoppdrett.

Øyvind Blom skrytte over kor bra kontinutet det har vore i kommunane dei siste åra.
Øyvind Blom skrytte over kor bra kontinutet det har vore i kommunane dei siste åra.

Føreseielege rammevilkår

Eit anna emne som vart diskutert var rammevilkåra til næringslivet.

– Det er bra med kontinuitet. Kommunane har vore veldig føreseielege dei siste åra. Endring av politisk styre endrar ikkje vilkåra for næringslivet, fortalde Blom.

Men han varsla og om at næringa har sprunge ti ganger så fort som forvaltninga, og at det er utfordrande å skulle tilpassa utviklinga til gamle planar.

– Vi må søkje om dispensasjon for den minste ting, sa Blom.

Konvald Risnes peikte på kor viktig det er med god kommunikasjon.
Konvald Risnes peikte på kor viktig det er med god kommunikasjon.

I kontakten med kommunen var møtedeltakarane tydeleg på at dei ønskjer raske og gode svar når dei tar kontakt med kommunen.

– Det må vere lett å finne kven i kommunen ein skal komme i kontakt med, og ein må bli høyrd, sa Risnes frå Risnes elektro.

 

Kommunen som  samarbeidspartnar

Ordførar i Radøy Jon Askeland (Sp) fortalde om kommunen si rolle som samfunnsutviklar.

– Nokre ganger kan det gjerne vere krevjande å forholde seg til kommunen, men det kan og vere moglegheiter, sa Askeland.

Ordførar og næringssjef tykte det var svært verdifullt å høyre innspela frå næringslivet.

– No får vi eit felles kunnskapsgrunnlag vidare i prosessen, sa næringssjef Hoel.

– Eit slik fora som me har i dag, der vi har mogleheit til å komme med innspel er utruleg viktig, skrytte Martin Blom, tekniske sjef i Blom Fiskeoppdrett.

Nina Strømsnes og Anne-Lise Wilkensen frå NAV var opptekne av å tilretteleggja for ungdom.
Nina Strømsnes og Anne-Lise Wilkensen frå NAV var opptekne av å tilretteleggja for ungdom.

Ny sjanse

Fekk du ikkje med deg møtet på Manger? Vi skal ha to innspelsmøte til.

  • 14. mai, rådhuset i Knarvik
  • 27. mai, rådhuset på Frekhaug

Ta kontakt med leiar for næring og utvikling i Alver kommune, Tanja Hoel. E-post: tanja.hoel@lindas.kommune.no.

Karl Atle Taule stilte engasjert opp på møtet på Manger.
Karl Atle Taule stilte engasjert opp på møtet på Manger.

 

Close Menu