Inge  lagar  liv  og  røre  i  bygda
Inge elskar bygda si, og folka som bur der, og tek gjerne ein spasertur og ein prat langs vegkanten. Frå kaia ser han mor Herdla som ein gong i tida var kommunen bygda sokna til.

Inge lagar liv og røre i bygda

VIKEBØ: Pensjonist Inge Åsebø (70) ønskjer seg levande bygder og fleire møteplassar. Det har han gjort noko med.

– Nei, denne var for kort. Eg ser etter dei som er lange og tynne. Brakebusken ristar, medan Åsebø lener seg over for å kutte av ei grein i midten av busken, heilt nede ved rota. Skogsområdet ligg like bak huset hans ved Vikebø kai, og her tilbringer han og kona mykje tid, sumar som vinter.

Inge samlar greiner som han skal nytte til kipebinding. Kipa, som er fletta i einer, vart i gamledagar nytta til å frakte fisk, ved og anna som kunne berast på ryggen.
Inge samlar greiner som han skal nytte til kipebinding. Kipa, som er fletta i einer, vart i gamledagar nytta til å frakta fisk, ved og anna som kunne berast på ryggen.

– Eg trur det vert bra med blåbær i år. Buskane ser veldig vitale og flotte ut, spår han på veg ned til heimen.

I kjellaren i huset han deler med kona Torill har han verkstad. Her likar han å sysle med trearbeid. No finn han fram ein liten, skarp kniv og splittar greinene i to før dei  vert lagde i ei gryte med  vatn. Her skal dei kokast, slik at barken lett kan rivast av.

– Eg må prøve å splitte greina slik at dei to delane blir så jamne som mogleg. Difor vender eg kniven litt andre vegen dersom eg merkar at den eine delen vert tynnare, forklarer han.

Også fuglane får godt matstell på Vikebø.
Også fuglane får godt matstell på Vikebø.

Kipa, som er fletta i einer, vart i gamledagar nytta til å frakte fisk, ved, gjødsel og anna som kunne berast på ryggen. No er det ikkje så mange som driv med kipebinding.

– Ein dag fann eg ut at eg ville lære meg den gamle tradisjonen, så då reiste eg inn til onkelen min på Åsebø som kunne kunsten. Når eg skal selje dei på marknaden er det alltid nokon eldre som kjem og seier at ditt eller datt er gjort på feil måte, humrar han.

Verdsmeister på torgdagane

Frå eit vindauge i verkstaden kikkar ei byste av Ivar Aasen ned på oss. Han vart skoren ut av ei gran ein gong i tida, og har eit nøgd drag over tre-ansiktet. Flotte treskåler og lysestakar blir òg til på verkstaden. Trearbeidet sel Åsebø og kona under torgdagane i Bergen.

I kjellaren heime på Vikebø har Inge Åsebø treverkstad. Trevyrke har han arbeidd med heile livet.
I kjellaren heime på Vikebø har Inge Åsebø treverkstad. Trevyrke har han arbeidd med heile livet.

– Det er høgdepunktet i året. Då dreg me til «bydn», og eg får leve ut både skodespelaren og strilen i meg. Då er eg verdsmeister, fortel han med ein trillande latter.

Interessa for å skape av treverk har han hatt med seg store delar av livet. Han starta i lære som møbelsnikkar, og sidan vart han snikkar.

– Eg hadde 12 kroner timer som møbelsnikkar, og så kom det meg for øyre at snikkarane hadde 19 kroner timen. Då hoppa eg rett over, og fekk meg jobb i eit snikkarfirma. Kravet var at eg hadde halde i ein hammar før. Åsebø humrar medan han mimrar om kor mykje lettare det var å få seg eit yrke før i tida.

Ivar Aasen har si faste plass på verkstaden.
Ivar Aasen har si faste plass på verkstaden.

Ein møtestad i bygda

Sitt eige hus bygde han like ved barndomsheimen, og han har ein inderleg kjærleik for bygda han har levd i nær heile livet.

– Her hadde vi skulen eit steinkast unna, butikk, meieri, ishus og posthus. No er det ikkje mykje att. Eg må seie eg saknar ein butikk, ein møteplass i bygda, seier han.

Då butikken på Rossland vart lagt ned blei Åsebø og kona med på å skape ein ny møteplass for dei eldre. Saman med nokre andre eldsjeler ordnar dei til kafé i ungdomshuset ein torsdag i månaden. Her sel dei vaflar og kaffi, og eit par gonger i året er det underhaldning på programmet.

Ungdomshuset har alltid vore min stad.

– Ungdomshuset har alltid vore min stad, seier Åsebø og fortel korleis han som sjenert kar blei med i koret «Stiv kuling». Der song dei populærmusikk. Mykje «Beatles».

Ein gong laga vi ein sketsj i samband med framføring av ein av songane, og då blei eg heilt hekta, medgjev han. Sidan blei han fast innslag i lokalrevyen, ein hobby som har gjeve han mykje glede.

– Det å få den kontakten med publikum, kontakten mellom sal og scene, det gjev ei heilt spesiell kjensle, seier han med drøymande blikk. 

Inge og kona Torill trivst på Vikebø. Dei nyttar mykje tid i hagen, og på kalde dagar nyt dei hagelivet frå hagestova.
Inge og kona Torill trivst på Vikebø. Dei nyttar mykje tid i hagen, og på kalde dagar nyt dei hagelivet frå hagestova.

Med båt til tannlegen

Frå stovevindauget kan Åsebø sjå barndomsheimen, og den blikkstille Rosslandsvågen blenkar i sundet like nedanfor.

Vi vaks opp ved sjøen, og den vart vår boltreplass. Eg kan enno hugse den dagen eg og bror min byta ut fiskebolleboksane med ekte sneller.

– Vi vaks opp ved sjøen, og den vart vår boltreplass. Eg kan enno hugse den dagen eg og bror min byta ut fiskebolleboksane med ekte sneller. Eg trur vi var dei fyrste i bygda som fekk fiskestang med snelle, erindrar han. Det var båt som var farkost om ein skulle til kommunesenteret, som var Herdla då Åsebø vaks opp. Hit drog dei om dei skulle i kyrkja, til tannlegen eller i banken. Var det gravferd stod «gråtekonene» på kaien og vinka med lommetørkla sine då båten drog frå kai.

Inge elskar bygda si, og folka som bur der, og tek gjerne ein spasertur og ein prat langs vegkanten. Frå kaia ser han mor Herdla som ein gong i tida var kommunen bygda sokna til.
Inge elskar bygda si, og folka som bur der, og tek gjerne ein spasertur og ein prat langs vegkanten. Frå kaia ser han mor Herdla som ein gong i tida var kommunen bygda sokna til.

– Eg hugsar at heile klassen drog i båt til tannlegen. Eg hadde «Å» i etternamnet mitt så eg måtte venta heilt til sist, og sat der og kvidde meg medan eg høyrde dei andre ungane bera seg i tannlegestolen.  

Han hugsar godt stemninga i bygda ved førre kommunesamanslåing på 60-talet.

– Det var som no. Du visste ikkje heilt kva du gjekk til. Alle seier det vert bra, men ein er framleis usikker på om alt skal sentraliserast, om vi vert gløymde. Men me er jo lova at Vikebø skal verte eit delsenter. Det fine er at vi får eit større nettverk ved å slå oss saman. Det er den tanken vi må få inn, avsluttar Åsebø.

Å flytta på seg er uaktuelt for Inge Åsebø. – Her vil vi vere og her skal vi bu, seier han.
Å flytta på seg er uaktuelt for Inge Åsebø. – Her vil vi vere og her skal vi bu, seier han.

Gjennom portrettserien «Folk i Alver» vil vi at du skal bli litt betre kjent med menneska som bur her og livet deira. Folka i Alver er berebjelken i den mangfaldige og levande kommunen vår.

Close Menu