–  Det  er  kjekt  å  møte  dei  andre  partia,  og  flott  å  sjå  mangfaldet
Toril Mongstad (f.v.), Belinda Zalewski og Hendrik Weber frå Raudt skrytte over lokaldemokratisamlinga.

– Det er kjekt å møte dei andre partia, og flott å sjå mangfaldet

Hendrik Weber, listetopp for Raudt, var ein av 70 politikarar som deltok på lokaldemokratisamlinga til fellesnemnda måndag kveld.    

Saman med Toril Mongstad og Belinda Zalewski hadde Weber tatt turen til Knarvik vidaregåande skule for ei økt om å byggje relasjonar og å skape politisk engasjement.

– Eg er heilt ny i politikken, så dette var eit kjempebra og lærerikt arrangement, skrytte Zalewski.     

Alle aktive politikarar i Alver kommune var inviterte, og med 70 påmelde politikarar var det tydeleg at lokaldemokrati engasjerer.

– Det er kjekt å møte dei andre partia, og flott å sjå mangfaldet, sa Weber.

Oppvarmingsøvinga til Atle Kvamme fall i god smak.
Oppvarmingsøvinga til Atle Kvamme fall i god smak.

Forrykande start

Først ut på programmet var Jan Spurkeland. Den erfarne kurshaldaren og forfattaren bur på Seim, men reiser land og strand og held føredrag om relasjonsleiing. I ein endringsprosess går menneske gjennom ulike fasar.

– Vi går frå ein sjokkfase til ein reaksjonsfase. Så må vi bearbeide før vi kan gå inn i ei nyorienteringsfase, forklarte Spurkeland.   

Han la vekt på viktigheita av å ivareta enkeltmennesket under ei omstilling. Det varierer korleis folk reagerer på endringar. Ei stor gruppe av oss er tilpassingsdyktige, nokre personar blomstrar opp medan ei lita, men ofte høglytt gruppe, er kverulantar.

Marit Jøssang (KrF) og dei andre politikarane sat som skulelys under Jan Spurkeland (t.h.) sitt føredrag
Marit Jøssang (KrF) og dei andre politikarane sat som skulelys under Jan Spurkeland (t.h.) sitt føredrag

– Når det gjeld kor omstillingsdyktige vi er, er kvinner betre til å tilpasse seg enn menn. Menn over 40 år med makt er dei som har størst utfordring med endring, fortalde Spurkeland.

Han forklarte at dei beste leiarane ser det som er bak det intellektuelle, og bryr seg om heile mennesket.

– De må bli gode i lag, var eit av bodskapa til Spurkeland.

– Her sit vi som skulelys i to timar. Du er lun og varm og kjem med gode eksempel, skrytte Atle Kvamme etter Spurkeland sitt føredrag.

Ungdommane imponerte

Med stødig hand leia Kvamme, som til dagleg arbeidar i Bergen Næringsråd, arrangementet.

Representantar frå eldreråd, råd for menneske med nedsett funksjonsevne og ungdomsråd var inviterte inn til samlinga. Dei kom med innspel til korleis vi kan sikre brei deltaking og gode moglegheiter til å påverke.  

Innspela til Sigurd Knudsen (eldreråd) (f.v.), Ebbe Io (ungdomsråd) og Jakub Stasiak (ungdomsråd) hausta applaus hos politikarane.
Innspela til Sigurd Knudsen (eldreråd) (f.v.), Ebbe Io (ungdomsråd) og Jakub Stasiak (ungdomsråd) hausta applaus hos politikarane.

– Eg føler vi blir lytta til, sa Jakub Stasiak frå ungdomsrådet i Radøy.

– Ta oss med i prosessane, rådde Ebbe Io frå ungdomsrådet i Meland.

– Kva prosessar, utfordra Kvamme.

– Alle, svarte Io, og fekk stor applaus frå salen.

Representantar frå næringslivet var og på plass for å gi sine innspel til politikarane. Kathrine Molvik (FeC), Rasmus F. Wille (Equinor, Mongstad), Baste Tveito (Nordhordland Næringslag) og Eirik Langeland Fjeld (Strilen) hadde mange gode poeng.

– Vi må skape ein kommune vi er stolte av, ei god merkevare. Kommunen må og bli flinkare til å vere serviceinnstilte og profilere seg, sa Molvik.

– Våg å tenkje stort, og ha visjonar, rådde Fjeld.    

Ta debatten ikkje folka

Med på samlinga var også Victor Ebbesvik frå KS (kommunane sin interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon). Han fortalde om resultat frå lokaldemokratiundersøkinga som har vore i dei tre kommunane. Jamt over ligg resultata frå Radøy, Lindås og Meland på landsgjennomsnittet, og Ebbesvik var tydeleg på at her har vi eit godt utgangspunkt for å byggje ein ny kommune.

Topplistekandidatane avslutta samlinga med sine tankar om å skape politisk engasjement.

Leif Johnsen frå MDG (med mikrofonen) var oppteken av at vi må ha lange nok høyringsfristar slik at alle intereserte har tid til å komme med gjennomarbeida høyringssvar.
Leif Johnsen frå MDG (med mikrofonen) var oppteken av at vi må ha lange nok høyringsfristar slik at alle intereserte har tid til å komme med gjennomarbeida høyringssvar.

– Eg er oppteken av korleis vi skal få engasjert fleire unge kvinner, sa Nina Stabell Øvreås (FrP).

Opne prosessar, og å ta i bruk heile kommunen var saker som gjekk igjen blant fleire av kandidatane.

– Vi må ta folket med på råd, kommenterte Bjørn Humblen frå Partiet Dei Kristne.

– Det er viktig at innbyggjarar har tillit til lokalpolitikarane. Vi må tenkje på korleis folk oppfattar oss utad. Vi skal ikkje vere redde for å ta debatten, men vi må ikkje ta folka. Her må vi vere gode forbilde, sa Nils Marton Aadland (H).

Close Menu