–  Vi  skal  ha  kunderettleiing  i  alle  rådhusa
For dei som ikkje er på digitale plattformer, skal ein framleis kunne møte fysiske personar i dei tre rådhusa på Manger, Frekhaug og i Knarvik, fortalde Anne Dahle Austrheim.

– Vi skal ha kunderettleiing i alle rådhusa

Anne Dahle Austrheim blir leiar for kundesenter og dokumentsenter i Alver kommune. I møtet i fellesnemnda var ho tydeleg på at vi skal tilby lik kundeservice i alle dei tre noverande rådhusa.       

Måndag var det møte i fellesnemnda. Den første saka som stod på programmet handla om korleis kunderettleiinga skal vere i Alver.

– Digital service og kommunikasjon skal vere innbyggjarane sitt førsteval i kontakt med kommunen, sa Austrheim.  

Innbyggjarportalen skal vere hovudvegen inn. Alver kjem til å få ei tilsvarande side som Radøy, Meland og Lindås har i dag.  

Lik hjelp

For dei som ikkje er på digitale plattformer, skal ein framleis kunne møte fysiske personar i dei tre rådhusa på Manger, Frekhaug og i Knarvik. Det skal og vere tilgjengelege møtelokale i alle rådhusa.

– Om du sit heime på PC-en eller kjem på rådhuset – alle skal få lik hjelp, forklarte Austrheim.

No skal vi byggje vidare på erfaringar og tidlegare kartleggingar og skape ei bra innbyggjarrettleiing også i Alver. Vi har for eksempel gode erfaringar frå eigne byggjesaksdagar der innbyggjarar som har spørsmål om eigne byggjesaker kan komme og treffe fagpersonar.

Politikarane i fellesnemnda var svært positive til det dei høyrde om innbyggjarrettleiing i Alver.

Jon Askeland (Sp) og politikarane  i fellesnemnda likte godt prinsippa vi legg til grunn i arbeidet med innbyggjarrettleiing.
Jon Askeland (Sp) og politikarane i fellesnemnda likte godt prinsippa vi legg til grunn i arbeidet med innbyggjarrettleiing.

– De har tenkt veldig bra. Eg trur at kontordagar som ein har på byggjesak vil vere lurt, kommenterte Jon Askeland (Sp).

Andre saker:

  • Eigarskapsmelding: Programansvarleg Ørjan Raknes Forthun orienterte om motivasjonen for blant anna kommunalt eigarskap, interkommunale selskap og vertskommunesamarbeid. I september/oktober skal det leggjast fram ei innstilling til kommunestyret i Alver. 
  • Økonomireglement: Økonomisjef i Alver Janne Sund orienterte om økonomireglementet og reglement for finans og gjeldsforvaltning. Saka skal opp i junimøtet til fellesnemnda.  
  • Forskrift om vass- og avløpsreglement: Fellesnemnda vedtok samrøystes at reglementet blir sendt på høyring med ein tre månadar høyringsfrist.
  • Elektronisk pasientjournal-system (EPJ): Forthun orienterte om framdrifta i alle tenesteområda. Anbodsprosessen for EPJ er no i mål. Visma Profil skal levere ny elektronisk pasientjournal for Alver kommune.
  • Teknisk forvaltning og drift: – Organisasjonskartet er drøfta i møte med hovudtillitsvalde, og prosessane har gått greitt. No kan ein starte arbeidet med å få på plass avdelingsleiarar, fortalde Forthun
  • Kontorfordeling: – Prosjektet er starta opp, men vi har ikkje tatt nokon avgjerder endå. Vi er i ein kartleggingsfase, sa programansvarleg.

Strategi- og styringsdokument

Hogne Haugsdal leiar for samfunnsutvikling orienterte om det strategiske arbeidet innafor sektoren. Ei kartlegging av dagens kommuneplanar og intensjonsavtalen viser at dei tre kommunane har mange felles satsingsområde; berekraft, folkehelse, deltaking og livskvalitet, vekst og innovasjon og kultur og frivilligheit går igjen.

– Fram til Alver får ein eigen kommuneplan treng vi noko overordna å styre etter, sa Haugsdal.

Strategiske utviklingsområde som vi ønskjer å jobbe meir med framover er blant anna regionsenter/kommunesenter og lokal- og nærsenter, næring og innovasjon og medverknad.

– Dette er ikkje ny politikk, men vi treng noko å styre etter i ein tidleg fase, presiserte Haugsdal.

I neste fellesnemndmøte 3. juni skal han presentere heile strategi- og styringsdokumentet.

Close Menu