Innspelsmøte  om  næringsutvikling
Har du innspel til næringsutviklinga i Alver? Tanja Hoel vil gjerne høyre dine forslag.

Innspelsmøte om næringsutvikling

Har organisasjonen eller verksemda di innspel til arbeidet med næringsutvikling i Alver kommune?

Næringssjef Tanja Hoel og ordførarane inviterer til innspelsmøte i Lindås, Meland og Radøy. Alle møta er frå klokka 14.00 til 16.00.

  • 13. mai, rådhuset i Manger
  • 14. mai, rådhuset i Knarvik
  • 27. mai rådhuset på Frekhaug

Tema for møta

Vi er særleg interesserte i korleis kommunen kan styrke rolla som tilretteleggjar og samarbeidspartnar for det lokale næringslivet. 

Tema for diskusjonen vil mellom anna vere:

  • Infrastruktur og planverk
  • Næringsareal
  • Byggjesaker
  • Næringsutvikling
  • Service og informasjon
  • Dialog og samarbeid med næringslivet

Ordførarane ønskjer velkommen til møta. Deretter held næringssjef Tanja Hoel ei innleiing om arbeidet med næringsutvikling i Alver kommune, før vi opnar for dialog og innlegg frå salen.  

Vi har ikkje høve til å gå inn i enkeltsaker på møta.

Påmelding og innspel

Sei ifrå at du kjem til leiar for næring og utvikling i Alver kommune, Tanja Hoel. E-post: tanja.hoel@lindas.kommune.no.

Påmeldingsfristen er:

  • 9. mai for møtet i Radøy kommune
  • 10. mai for møtet i Lindås kommune
  • 20. mai for møtet i Meland kommune

Har du innspel til næringsarbeidet i Alver?

Send gjerne eit skriftleg innspel innan 30. mai 2019. Merk med «innspel næringsutvikling» i emnefeltet. Vi ber om at innspela ikkje er på meir enn ei A4-side.

Alle innspela er offentlege og blir journalførte.

Close Menu