Skageneset  i  gamal  prakt  –  supert  turmål
Saman med Dag Seter i BOF stod ordførar i Radøy, Jon Askeland for den offisielle markeringa med å klyppa eit gryande siktagran-tre framfor huset.

Skageneset i gamal prakt – supert turmål

Det var reine folkefesten i Skageneset søndag. Denne staden, som under andre verdskrig gav skjul for mange titals flyktningar som tyskarane var på jakt etter, er sett i stand og oppgradert til eit flott friluftsområde.

Bergen og Omland friluftsråd har restaurert hovudhuset både utvendig og innvendig, det er reist grillhytte i grindverksbygg, og andre uteområde rundt Skageneset har fått eit skikkeleg løft. Kostnaden har kome på rundt 3,5 millionar kroner.

Skagenesets venner og ein god del andre frivillige har gjort ein flott jobb med å utbetre turstiar til Skageneset frå fleire kantar.

– Det er ein fin ting at denne plassen med si forteljing frå krigen, nettopp er og vert ein base for det mest fredsommelege me kan gjere; driva friluftsliv. Her kan me vere som familiar, vener, ha det kjekt, det er fredsarbeid, sa ordførar Jon Askeland under gjenopninga.

Bergen og Omland friluftsråd har restaurert hovudhuset både utvendig og innvendig.

Skjulte flyktningar under krigen

Saman med Dag Seter frå Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) stod Askeland for den offisielle markeringa med å klyppe eit gryande siktagran-tre framfor huset.

Ingeborg Skagenes på over 94 år var æresgjest under gjenopninga i Skageneset. Her er ho fødd og oppvaksen.

– Det er veldig kjekt å vere tilbake her. Fint å sjå at dei har tatt vare på det gamle – og at bjelkane i taket står, seier Ingeborg .

Mor hennar, Dorthea Skagenes, vart kåra til århundrets nordhordlending for innsatsen ho gjorde for å gje skjul i heimen sin for flyktningar under krigen. Både Ingeborg og søskena hennar var også engasjert i dette farlege arbeidet i flyktningtrafikken i Skageneset. I største takksemd for alle motstandsheltane og familien Skagenes, la Radøy-ordføraren ned ein krans på eit minnesmerke som er reist i Skageneset.

Korpsmusikk og skattejakt

Manger skulemusikklag sette musikalsk farge på samlinga i Skageneset, mellom anna med den nye og flotte Alver-vignetten. Folk fekk sjå seg om både inne i hovudhuset og elles på området. Skattejakt var eit populært tilbod for dei yngste. Og alle fekk forsyne seg med potekaker, stompekaker og saft i grillhytta.

Skattejakt var populært tilbod for dei yngste.
Close Menu