Har  din  organisasjon  planar  om  nye  idrettsanlegg  i  nærmiljøet?  Vi  vil  høyre  om  dei!
Idrettsplanane og den samordna anleggsstrategien legg føringar for Alver kommune sitt arbeid med og satsing på anlegg for idrett, friluftsliv og nærmiljø dei komande åra. Illustrasjonsfoto frå Nordhordlandshallen.

Har din organisasjon planar om nye idrettsanlegg i nærmiljøet? Vi vil høyre om dei!

Vi skal rullere idrettsplanane i Alver og utarbeide ein anleggsstrategi. No inviterer vi private utviklarar (bygdelag, vellag idrettslag osv.) som ønskjer å byggje anlegg til å kome med innspel.

I samband med bygginga av Alver kommune vert den årlege rulleringa av idrettsplanane i dei tre kommunane gjord i fellesskap i 2019. Rulleringa vil danne grunnlag for utarbeiding av ein samordna idrettsanleggstrategi, som skal gjelde fram til ein ny idrettsplan for Alver kommune vert vedtatt.

Kva er ein idrettsplan?

Idrettsplanane og den samordna anleggsstrategien legg føringar for kommunen sitt arbeid med og satsing på anlegg for idrett, friluftsliv og nærmiljø dei komande åra, og vil også vere styrande for korleis Alver kommune skal prioritere innkomne søknader om spelemidlar.

Det er difor avgjerande at anlegg det skal søkjast spelemidlar for kjem med i anleggsstrategien.

Korleis kan du påverke?

Vi inviterer private utviklarar, lag, organisasjonar og vellag som vil byggje anlegg om å melde inn planar, innspel og kommentarar til arbeidet innan 14. mai.  Det vert òg referansegruppemøte i kantina i Nordhordlandshallen 20. mai kl. 18-20. 

Innspel kan merkast med «Innspel rullering idrettsplanar», og sendast til din kommune:

postmottak@meland.kommune.no

postmottak@lindas.kommune.no

postmottak@radoy.kommune.no

Du kan òg sende i post, eller levere i resepsjonen/sørvistorget på ditt rådhus.

Close Menu