Maya  fekk  kjøpe  draumen
Like bak huset til Maya Riise er ein liten fjelltopp med utsyn til bygda og havet. Her trivst ho aller best.

Maya fekk kjøpe draumen

Maya Riise (32) elskar natur og friluftsliv. Aller helst går ho tur på si eiga, 158 dekar store tomt.

– Nei, no må du vente.

Maya snakkar til krøllgrisen Kevin (bacon), og skubbar vekk ein påtrengande snute i det ho tømmer pellets i trauet inne i grisebingen. Kevin er stor og tung og vil ikkje gje seg, og snart melder Francis (bacon) òg si interesse.

Klokka viser like etter frukost. Frå før har Maya mata ivrige gjæser, rampete høner, og dei fire geitene på garden. Biene søv. Enn så lenge.

Maya Riise kosar seg med gardsstellet, og ho tek seg tid til å gi alle dyra litt ekstra merksemd når ho matar dei.
Maya Riise kosar seg med gardsstellet, og ho tek seg tid til å gi alle dyra litt ekstra merksemd når ho matar dei.

Småbrukar Maya Riise set stor pris på nærkontakten med dyra, og hunden Mina er med henne frå morgon til kveld. Grunnen til at ho og mannen Martin Greve (33) kjøpte garden «Nordre Solend Gard» ved Manger var ei felles interesse for mat, jakt og friluftsliv. I tillegg likar begge seg ute, der dei kan arbeide med nevane og dyrke jorda.

Dyra gjev glede

Å drive småbruk på Vestlandet er ikkje berre ein fryd. Det er ikkje til å stikke under ein stol at det er mange gråvêrsdagar.

– Det er mykje hardt arbeid og garden krev mykje av tida. Spesielt fordi vi har dyr. Men samstundes er det utruleg kjekt å halde på med. Du tek vare på nokon, du produserer god mat. Dyra kjennest ikkje som noko belastning, eller noko som bind oss til garden, men det er heller årsaka til at vi er her og det som gjev oss glede med å drive gard, seier Maya.

Gråvêrsdagen på Nordre Solend verkar litt lysare i møte med dyra, og dei får alle litt merksemd av matmor på foringsrunde.

Gards-audition

Men det var ikkje gitt at draumegarden skulle verte Maya Riise og Martin Greve sin. Han hadde stått lenge til sals då dei fekk augo opp for bruket med det solgule tunhuset, og det var ikkje utan grunn; Eigaren hadde eit stort hjarte for garden han sjølv hadde vakse opp på, og ville ikkje selje til kven som helst. Han ville sikre at det var folk som ville drive jorda, og halde garden i hevd på tradisjonelt vis. Difor måtte Maya og Martin gjennom ein intervjurunde før dei fekk kjøpe.

 

«Då garden blei vår, kjendes det som heime med ein gong. Vi elskar det livet vi får leve her.»

– Vi hadde vore her mange ganger, og sett på eigedommen og gått her og drøymd oss vekk. Martin sine foreldre bur her i nærleiken, så vi var her ganske ofte. Då garden blei vår, kjendes det som heime med ein gang. Vi elskar det livet vi får leve her seier Maya, og skuar ut vindauga der geitene hoppar kring i grålysinga.

Eigen klatrevegg på garden

Til dagen arbeidar Riise med medlemsrekruttering for «Bondens marked», medan mannen er forskar på Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen.

Maya og Martin har begge lidenskap for klatring, og har bygd klatrevegg i reiskapshuset på tunet.
Maya og Martin har begge lidenskap for klatring, og har bygd klatrevegg i reiskapshuset på tunet.

– Fordi eg har halv stilling er det eg som gjer det daglege arbeidet på garden, medan Martin tek seg av det fysiske. Han er mellom anna heilt rå på beiterydding, skryt Maya. Dei har eit stort beite å rydda, og dei to vil ha fram kulturlandskapet som ein gang var på garden. Frå garden sel dei to kjøt, egg, og einebær, blomster og produkt frå bikubane.

Både Martin og Maya har vore aktive i klatremiljøet, og klatringa var ei av interessene dei ønskte å halde ved like. Dermed bygde dei ein klatrevegg i reiskapshuset. Klatringa har og blitt ein del av businessen.

– Når du klatrar kan du verte ganske sår på fingrane. Vi lager eit produkt som motverkar dette, forklarar Maya og viser fram ei krukke med handpleieprodukt, produsert av bivoks.

Heime frå fyrste stund

Det gule huset frå 1906 ligg ganske åleine i ein dal, men likevel når sjølufta tunet på fine dagar. Huset har skiferstein på taket, og på det meste er det åtte centimeter forskjell frå eine sida av stova til den andre. Men Maya likar at det ikkje er perfekt. Ho synes huset har personlegdom. Ho hugsar ikkje nøyaktig kvar ho var då ho fekk telefonen om at garden var hennar, men ho hugsar godt fyrste natta i nytt hus.

 

«Vi lurte på kva folk ville seie når det kom to «tullingar frå byn», men dei har møtt oss på ein heilt fantastisk måte.»

– Eg kjende meg heime frå fyrste augneblink. Noko av det kjekkaste eg veit er tidleg om morgonen på sumarstid. Å setje meg ut på trappa med ein kopp kaffi eller te, medan sola varmar i andletet. Å berre sitje å nyte den friske lufta, roen, stilla og freden av å bu på landet. Det er heilt fantastisk!

Det same kan ho sei om naboar og bygdefolket.

– Vi lurte på kva dei ville seie når det kom to «tullingar frå byn», men dei har møtt oss på ein heilt fantastisk måte. Både naboar og bygdefolk har vore hjelpsame og positive, og bygdedyret har vi ikkje sett noko til, fortel Maya.

Maya sin skepsis til kommunesamanslåinga er erstatta med optimisme. – Ein er jo stort sett sterkare saman. Det er også det vi prøver å formidla når vi snakkar om lokalmat, småskalaproduksjon, og matproduksjon, at ein er ikkje konkurrentar men at om ein bidreg saman så er det positivt for heile samfunnet.
Maya sin skepsis til kommunesamanslåinga er erstatta med optimisme. – Ein er jo stort sett sterkare saman. Det er også det vi prøver å formidle når vi snakkar om lokalmat, småskalaproduksjon, og matproduksjon, at ein er ikkje konkurrentar men at om ein bidreg saman så er det positivt for heile samfunnet.

– Sterkare saman

Småbrukaren var fyrst uroa for at kommunesamanslåinga ville verke negativt på bygda, men frykta er no erstatta av positivitet og håp. Riise fortel at det ho gler seg mest til er å bli kjend med tradisjonane til dei andre kommunane i det som skal verte Alver, og til å byggje ein felles, styrka identitet.

– Ein er jo stort sett sterkare saman. Det er også det vi prøver å formidle når vi snakkar om lokalmat, småskalaproduksjon, og matproduksjon, at ein er ikkje konkurrentar men at om ein bidreg saman så er det positivt for heile samfunnet.

 

«Det er så mykje spennande som skjer i regionen, mykje meir enn eg kunne førestille meg. Det er ein spennande plass å bu, og eg gler meg berre til fortsetjinga.»

I det siste har ho også fått kjennskap til prosjektet «Nordhordland Biosfæreområde», som forskar på å byggje på det beste frå fortida, saman med kunnskap ein har i dag, og ut frå det finne bærekraftige løysingar. Maya skal vere med på eit prosjekt som samanliknar dyrkingstilhøve i Nordhordland og på vestkysten av California. I mars drog ho på workshop til USA for å utveksla erfaringar.

– Det er så mykje spennande som skjer i regionen, mykje meir enn eg kunne førestille meg. Det er ein spennande plass å bu, og eg gler meg berre til fortsetjinga.

Det kviler ein eigen ro over det gule tunhuset på Nordre Solend Gard. Maya nyt morgonkaffien med utsyn mot geitene medan hunden Mina tek seg ein kvil framfor peisen før dyra ute skal ha mat.
Det kviler ein eigen ro over det gule tunhuset på Nordre Solend Gard. Maya nyt morgonkaffien med utsyn mot geitene medan hunden Mina tek seg ein kvil framfor peisen før dyra ute skal ha mat.

Gjennom portrettserien «Folk i Alver» vil vi at du skal bli litt betre kjend med menneska som bur her og deira liv. Folka i Alver er berebjelken i den mangfaldige og levande kommunen vår.

Close Menu