Bli  med  på  Stolpejakten!
Rådgjevar for kultur i Radøy, Bente K. Hervik og kultursjef i Alver, Eirik B. Utne inviterer alle ut for å bli betre kjend i Alver med Stolpejakten. Foto: Sirill Heimdal.

Bli med på Stolpejakten!

Stolpejakt-sesongen i Alver er i gang, og vi oppmodar alle til å kome seg ut og bli meir kjende i den nye kommunen.

Stolpejakten har blitt ein suksess fleire stader i landet, og no går startskotet i Alver. Stolpejakten er eit lågterskeltilbod for alle som ønskjer å kome seg ut på tur, og du kan jakte på stolpar i mange av dei vakre turområda i det som skal bli Alver kommune. Stolpejakt-sesongen i Alver startar 6. april, og blir avslutta 1. november.

Rådgjevar for kultur i Radøy, Bente K. Hervik, fortel at det alt er stor interesse for Stolpejakten. I alt 51 stolpar er plasserte rundt i kommunane Lindås, Meland og Radøy, frå Syltneset i vest til Dyrkolbotn i aust og mange av turane har turbeskrivelse.

– Dette er eit flott høve til å bli kjend med den nye kommunen, seier Hervik.  

Stolpejakten er for alle

Hervik lovar mange flotte turar med varierande vanskegrad over heile den nye kommunen.

– Enkelte stader er det plassert ut stolpar som du nesten kan køyre fram til, nokre stolpar er plasserte langs turstiar som du kjem til med barnevogn og rullestol, medan andre stolpar er plasserte langs meir krevjande turstiar. Stolpejakten skal vere for alle, seier Hervik.

Med eller utan smarttelefon

Stolpane er omlag 1,30 m høge og merka med nummer og bokstavkode. Stolpane har òg ein QR-kode som kan skannast og registrerast ved bruk av Stolpejakten sin app på smarttelefon.

– Du kan og gå på stolpejakt utan smarttelefon. Då noterer du ein bokstavkode som du anten kan registrere på www.stolpejakten.no eller sende per post til KnarvikMila, forklarar Hervik. Ho nyttar høvet til å takke Eddie Ebbesvik og dei frivillige i KnarvikMila for samarbeidet og den store jobben dei har gjort med å arrangere Stolpejakten.

Kartbrosjyren er tilgjengeleg for nedlasting på www.knarvikmila.no. Her finn du òg ei liste over stader du kan hente brosjyren.

Fakta:

  • Stolpejakten i Alver vert arrangert av KnarvikMila, Knarvik senter og kommunane Meland, Lindås og Radøy, som 1. januar 2020 vert slått saman til Alver kommune.
  • Stolpejakten er eit lågterskeltilbod for alle som ønskjer å kome seg ut på tur, og du kan jakte på stolpar i mange av dei vakre turområda i det som vert Alver kommune. Fleire av stolpane er òg tilgjengelege for rullestolbrukarar og med barnevogn.
  • Kartbrosjyren er tilgjengeleg for nedlasting på www.knarvikmila.no. Her finn du òg liste over stader du kan hente brosjyren.
  • Stolpejakten går føre seg både i bustadområde og i etablerte turområde, og me ber om at alle deltakarar viser omsyn på veg til stolpane og ved parkering. Bruk bossdunkar, og hug bandtvang. Når du går på innmark, er det viktig å følgja stien.
  • Stolpejakten har totalt 73 arrangørar i 14 av fylka i Noreg. Totalt er det over 200 kart tilgjengeleg med meir enn 60.000 unike brukarar. Det var registrert over 3 millionar stolpebesøk i 2018. Stolpejakten gjer det kjekt for heile familien å gå på tur!
  • Kvar registrerte stolpe gjev deg eitt lodd i trekninga av flotte premiar ved sesongslutt. I tillegg vert det del-premiering under KnarvikMila, søndag 1. september.
Kultursjef i Alver Eirik B. Utne slår ned den ein av 51 stolpar som er plasserte i det som skal bli Alver kommune.
Close Menu