Kva  godtgjersle  skal  politikarane  ha?
KrF-politikar Vetlemøy Wergeland (nummer to frå høgre) er varamedlem i fellesnemnda, som hadde møte måndag 1. april.

Kva godtgjersle skal politikarane ha?

Det er eit av spørsmåla fellesnemnda i Alver skal handsame i vår. Måndag presenterte den politiske prosjektgruppa sine forslag for fellesnemnda.

– Her er det blitt gjort eit godt stykke arbeid, skrytte Anna Valle (Sp).

Ho gav Senterpartiet sine kommentarar til dokumentet. Ei av dei store sakene i fellesnemnda måndag 1. april handla om politisk styringsstruktur og politisk reglement for Alver. Fleire av medlemene i fellesnemnda signaliserte blant anna at lønstrinnet til ordføraren ikkje bør liggje så høgt som 121% av stortingsrepresentantane si godtgjersle.

Den politiske prosjektgruppa med Kenneth Murberg (H) i spissen har komme med ei anbefaling om alt i frå kor mykje godtgjersle politikarane i Alver skal ha, til  kor stor stilling varaordføraren skal ha og kor mange medlem det skal vere i kvart utval. Mange av medlemene i fellesnemnda engasjerte seg i debatten. Forslaget om ein eigen spørjetime for innbyggjarane var eit av tiltaka for involvering, som hausta gode tilbakemeldingar.

Leiar for prosjektgruppa Kenneth Murberg (H) (t.v.) og Leif Hosøy Sleire (KrF) presenterte forslaget for politisk styringsstruktur til fellesnemnda.
Leiar for prosjektgruppa Kenneth Murberg (H) (t.v.) og Leif Hosøy Sleire (KrF) presenterte forslaget for politisk styringsstruktur til fellesnemnda.

Forslag til organisering

Når det gjeld organisering av dei 47 representantane i kommunestyret i Alver, presenterte gruppa følgjande forslag for kva utval ein bør ha, og korleis fordelinga bør vere:

  • Administrasjonsutval (7 representantar: 4 politiske + 3 hovudtillitsvalde)
  • Kontrollutval (7 rep: 2 frå kommunestyret)
  • Eldreråd (9 rep: 2 frå kommunestyret)
  • Ungdomsråd (15 rep)
  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne (9 rep: 2 frå kommunestyret)
  • Formannskap (13 rep)
  • Utval for oppvekst, kunnskap og kultur (9 rep)
  • Utval for helse og omsorg (7 rep)
  • Utval for areal, plan og miljø (9 rep)
  • Utval for næringsutvikling og drift (7 rep)

No skal saka ut på høyring til utvala i Lindås, Meland og Radøy og dei politiske partia, før saka skal opp til behandling i neste fellesnemnd 6. mai. Klikk her for å lese forslaget til prosjektgruppa.

– Takk for mange gode og konstruktive innspel, sa Murberg.

Ordførarkjedet blir handlaga i Alver

Ei av dei andre sakene som var oppe i fellesnemnda, var korleis det nye ordførarkjedet skal sjå ut. Nils Marton Aadland (H) og gullsmed Hilde Rongevær viste fram ei skisse av kjedet.

Alver sitt ordførarkjede skal vere i sølv og blått. Hovudskjoldet med Alver sitt kommunevåpen skal vere 8 centimeter. På sjølve kjedet skal ein ha med kommunevåpena til Radøy, Meland og Lindås. Dei tre gamle kommunevåpena skal bli innbakte i kjedet, og representerer fortida og kva Alver er bygd på. Dei gamle kommunevåpena skal vere rundt 4 cm, og ikkje ha farge.

– Ordførarkjedet blir laga i sølv og blått, og det får eit reint design, forklarte Aadland (H), som er leiar for den politiske prosjektgruppa identitet, symbol og felles kultur.

Han synest det er stas at ein lokal gullsmed skal handlage det nye ordførarkjedet. Hilde Rønningen Rongevær er gullsmedmeister og held til på Frekhaug.

Kjedet skal vere ferdig til det første kommunestyremøtet i Alver i oktober. Politikarane likte godt det dei såg og høyrde, og saka blei samrøystes vedteke. Klikk her for å lese meir om ordførarkjedet.

Innbyggjarane er svært tilfreds med byggjesaksavdelinga i Meland, kunne Krishan Totland frå NOR PR fortelje.
Innbyggjarane er svært tilfredse med byggjesaksavdelinga i Meland, kunne Krishan Totland frå NOR PR fortelje.

Varierte saker

Nokre av dei andre sakene som var oppe i fellesnemnda var:

  • Arbeidsgjevarstrategi: Kathrine S. Brakstad frå Meland kommune orienterte om arbeidet som er gjort med arbeidsgjevarstrategien. Alver kommune skal vere ein attraktiv, samlande og inkluderande arbeidsgjevar. Ein skal og vere nyskapande og utviklingsorienterte.
  • Programansvarleg Ørjan Raknes Forhun orienterte om siste nytt frå bygginga av Alver. For tida er det ein prosess kring innplassering av
  • Økonomisk politikk og handlingsreglement: Økonomisjef i Alver Janne Sund orienterte om blant anna finansreglement. Utkast til reglement blir lagt fram for fellesnemnda 6. mai.
  • Byggjesaksavdelinga: I Meland har det blitt gjennomført ei undersøking om kor fornøgde innbyggjarane er med byggjesaksavdelinga. Krishan Totland frå NOR PR presenterte dei svært gode resultata for fellesnemnda, og politikarane sende sine gratulasjonar til administrasjonen.

Leiar i fellesnemnda Øyvind Oddekalv (Ap) summerer det fem timar lange politiske møtet slik:

– Eg føler at vi har god framdrift i bygginga av Alver. Mykje godt arbeid blir gjort ute i organisasjonen. I dag fekk vi bra diskusjonar rundt det nye politiske reglementet, og korleis vi praktiserer lokaldemokrati. Vi fekk og vedteke utsjånaden på ordførarkjedet, eit viktig symbol på nye Alver.

Close Menu