Desse  ønskjer  å  stille  til  val  –  sjå  listeframlegga
Det skal vere 47 representantar i Alver kommunestyre. (Illustrasjonsfoto: Tore Fjeld/Kommunal- og moderniseringsdepartementet)

Desse ønskjer å stille til val – sjå listeframlegga

No kan du sjå kva lister dei politiske partia har sendt inn til kommunestyrevalet i september.

1. april klokka 12 gjekk fristen ut for å melde inn lister til valet i haust. Valstyret i Alver har motteke listeframlegg frå 11 ulike parti/lister. Det er valstyret som har ansvar for handsaming og godkjenning av listeframlegg til kommunestyrevalet 2019.  Meir om valstyret finn du her.

I lista til Senterpartiet er det blitt gjort ei endring. Nummer 15 på lista skal vere Trond Torvund (flytta opp frå nr. 52). Ny på nummer 52 er Jakob Herner. Oppdatert liste er no lagt ut. Vi beklagar feilen.

Klikk deg inn på lenkjene under, for å sjå kven som står på listene som er komne inn:

Alver Arbeidarparti

Alver Senterparti (oppdatert liste)

Folkeaksjonen Nei til mer bompenger i Alver

Framstegspartiet i Alver

Høgre i Alver

Kristeleg Folkeparti i Alver

Miljøpartiet Dei Grøne i Alver

Partiet De Kristne Alver

Raudt i Alver

Sosialistisk Venstreparti i Alver

Venstre i Alver

Close Menu