Ho  har  ansvar  for  alle  kommunale  bygg,  vegar  og  anlegg
– Dette er det første fellesmøtet. No får vi eit felles startpunkt for alle arbeidsgruppene, forklarte Line Merete Valle.

Ho har ansvar for alle kommunale bygg, vegar og anlegg

Line Merete Valle blir leiar for eigedomsforvaltninga til Alver. Vi var med då ho inviterte tilsette i ei rekkje avdelingar til idémyldring.  

Driftsoperatørar, anleggsgartnarar, prosjektleiarar, tilsette innan vatn og avløp, veg, idrett, kultur, helse og omsorg, byggjesak, bustadkontor og tillitsvalde. Representantar frå mange avdelingar var samla på Meland i byrjinga av februar. Idédugnaden markerte oppstart for arbeidet med organisasjonskartet.

– Dette er det første fellesmøtet. No får vi eit felles startpunkt for alle arbeidsgruppene, forklarte Valle.

Eigedomsforvaltning har ansvar for drift og vedlikehald av all kommunal eigedom, inkludert vegar og alle typar anlegg.  Valle er i dag leiar for eigedomsavdelinga i Lindås, og 1.1.2020 blir ho tenesteleiar for eigedomsforvaltninga i Alver.

Med ny stilling i boks gler Stian Marøy seg til å jobbe med investeringsprosjekt.
Med ny stilling i boks gler Stian Marøy seg til å jobbe med investeringsprosjekt.

Løftar blikket

Ved eitt av borda sat prosjektleiar i Radøy kommune, Stian Marøy. Han har jobba to år på byggjesaksavdelinga til Radøy. Marøy møtte til møtet med friske auge, ettersom han var heilt fersk i stillinga som prosjektleiar for investeringsprosjekt i Radøy.

– Eg gler meg veldig til mange varierte og spanande oppgåver, sa Marøy.

To av dei andre deltakarane på idémøtet var Anders Brakvatne og Svein Gjerstad frå Lindås kommune. Brakvatne er kontrollør på teknisk avdeling, medan Gjerstad som har 23 år bak seg i Lindås kommune er fagleiar ved bustadkontoret.

Anders Brakvatne (t.v.) og Svein Gjerstad likte å bidra i idémyldringa.
Anders Brakvatne (t.v.) og Svein Gjerstad likte å bidra i idémyldringa.

– Det er kjekt å vere med på ei slik idémyldring. Vi får løfta blikket litt når vi no skal byggje ein ny struktur, kommenterte Kjetil Spurkeland, ny leiar for drift og vedlikehald i Alver.

Eigedomsforvaltning jobbar tett saman med drift og vedlikehald om organisasjonsprosjektet, då fagområda heng tett saman. Sidan oppstartsmøtet i februar har det vore hektisk møteverksemd.

– Mange har vore involverte, og engasjementet har vore stort. Arbeidsgruppene har jobba svært godt med oppgåvene. Vi ønskjer å ha med heile breidda av fagbakgrunnar når vi skal hente innspel til eigedomsforvaltning, seier Valle entusiastisk.

Lagar organisasjonskart

Før påske skal organisasjonskartet til teknisk forvaltning og drift vere utarbeida, drøfta med tillitsvalte og endeleg godkjent. Det inneber eit stort og intensivt arbeid for dei tilsette, særleg gjennom deltaking i arbeidsgrupper og prosjektgrupper.

Viktig prinsipp!
Viktig prinsipp!

– Dette er ei spennande oppgåve, innafor ein sektor som har stor betydning for innbyggjarar, utbyggjarar og næringsdrivande i Alver, seier kommunalsjef Anny Bastesen.

Den faglege breidda er stor. Oppgåvene femnar om eigedomsforvaltning, teknisk drift og vedlikehald på alle kommunale bygningar, vegar, vatn- og avlaupsanlegg, idrettsanlegg og grøntanlegg, planforvaltning, byggesaksbehandling, oppmåling, landbruk, natur- og miljøforvaltning med meir.

– Vi har eit mål om å byggje ein organisasjon med høg kompetane, god dialog med innbyggjarane, effektiv drift og høg kvalitet på all saksbehandling og utvikling, seier Bastesen.

Saksbehandlar ved bustadkontoret i Lindås, Elin Kvalheim, noterte ned gode forslag.
Saksbehandlar ved bustadkontoret i Lindås, Elin Kvalheim, noterte ned gode forslag.
Close Menu