Søk  tilskot  til  kulturarrangement  og  –aktivitetar  i  Alver  2019
Foto: Ane Bysheim

Søk tilskot til kulturarrangement og –aktivitetar i Alver 2019

No kan lag og organisasjonar og andre kulturaktørar søkje tilskot til kulturarrangement og –aktivitetar i Alver i 2019. Aktivitetane og arrangementa som får tilskot vert ein del av aktivitets- og kulturprogrammet i Alver kommune som skal gå frå januar 2019-januar 2020. Målet med dette programmet er å skape interesse for og tilhøyrigheit til den nye kommunen.

Kulturarrangementa og –aktivitetane som skal vere ein del av aktivitets- og kulturprogrammet må oppfylle minst eitt av følgjande kriterium:

• Vere eit samarbeid mellom aktørar i dei tre kommunane

• Vere ei arrangementsrekkje med arrangement i dei tre kommunane

• Vere eit arrangement med storleik eller tematikk som gjer at heile Alver er nedslagsfelt

Søknadsfrist for tilskotsordninga er 16. juni.

Frist for å melde inn arrangement til aktivitets- og kulturprogrammet er 22. juli.

Søknadsskjemaet nedanfor skal nyttast.

Søknad om tilskot til kulturarrangement i Alver

    Søkjar

  • Om tiltaket

  • Kontonr. for eventuell utbetaling

 

Verifisering

Close Menu