Set  demokratibygging  på  dagsorden
Leif Hosøy Sleire fekk gode tilbakemeldingar frå fellesnemnda då han presenterte konseptet rundt lokaldemokratidagen.

Set demokratibygging på dagsorden

6. mai inviterer fellesnemnda aktive politikarar og nye listekandidatar i Alver til samling om lokaldemokrati.

– Bakgrunnen for samlinga er eit vedtak i fellsnemda om at vi ynskjer å satse på demokratibygging inn i Alver. Samlinga blir soleis eit treffpunkt for både noverande og kommande politikarar i den nye kommunen, fortel Leif Hosøy Sleire (KrF), leiar i arrangementskomitéen.

Vidare er målet å få til ein dialog og starte ein tankeprosess for å etablere eit godt demokrati og politisk samspel i den nye kommunen. Samlinga finn stad i Knarvik måndag 6. mai, klokka 16-20.

Samspel og debatt

– Med oss denne kvelden har vi vore så heldige å få Jan Spurkeland som frå sin ståstad vil komme med innspel i høve relasjonsbygging, det å byggje politisk kultur og litt om kommunikasjon og samhandling ved endring/omstilling. For å binde ettermiddagen saman har vi også fått med oss Atle Kvamme frå Bergen Næringsråd. Han vil både vere programleiar og leie ein paneldebatt om demokratibygging i Alver, forklarar Sleire.

Det er utvalet for politisk styringsstruktur og lokaldemokrati som har fått i oppdrag å utarbeide temasamlinga om lokaldemokrati. Fellesnemnda inviterer aktive politikarar og nye listekandidatar i Alver til samlinga om lokaldemokrati.

– Vi ser fram til ein hyggjeleg ettermiddag som vi håpar blir til inspirasjon til å byggje ein god politisk kultur til det beste for innbyggjarane i Alver, avsluttar Sleire.

Spørsmål?

Påmeldingsskjema og endeleg program vil bli lagt ut på www.alverkommune.no når arrangementet nærmar seg.

Har du spørsmål om samlinga?

Kontakt Leif Hosøy Sleire på e-post leif.sleire@gmail.com eller telefon 957 03 640.

Close Menu