Årets  bibliotek  i  Hordaland  kjem  frå  Alver
Smilande bibliotekarar frå Strilabiblioteket. F.v. Kjersti Rydland, Thomas Brevik, Nina Edvardsdal, Laila Rene, Guri Aarhus, Marit-Gro Berge, Inger Tingstad, Solveig Eikeland.

Årets bibliotek i Hordaland kjem frå Alver

– Dette er utruleg stas, seier Marit-Gro Berge avdelingsleiar for biblioteka i Alver.

Onsdag delte Norsk bibliotekforening ut prisen for Årets bibliotek 2018 i Hordaland. Prisen gjekk til Strilabiblioteket!

Strilabiblioteket er eit samarbeid mellom biblioteka i Meland og Lindås, og i desse dagar er Radøy og på veg inn i samarbeidet.

I grunngjevinga framhevar juryen at Strilabiblioteket har spesialisert sine tre bibliotek, som til saman utgjer ei heilskapleg samling.

Likestilte filialar

– Vi har tre likestilte avdelingar i Meland, Lindås og Radøy. Avdelingane har eigne arbeidsfelt, med ansvar for samlingsutvikling for heile Alver kommune. Vi ønskjer å skape stabile avdelingar gjennom ein desentralisert likestilt struktur. Dette trur vi vil bidra til gode lokale arbeidsmiljø, fagleg spesialisering, utvikling og ikkje minst eit betre bibliotektilbod for brukarane, seier Berge.

I staden for å ha eitt hovudbiliotek med filialar, er avdelingane likestilte. Frekhaug bibliotek har oppdaging og kultur som sitt arbeidsområde, og har den største samlinga av skjønnlitteratur. Knarvik bibliotek legg vekt på opplysing og kunnskap og har den største samlinga av faktabøker. Manger bibliotek skal bli eit oppvekstbibliotek med den største samlinga av barne- og ungdomsbøker.

I tillegg til har Strilabiblioteket to mindre filialar på Rossland og Lindås og bokbussen Nyfiken.

Med det desentraliserande tiltaket meiner juryen at Strilabiblioteket ligg i forkant i prosessen med å byggje ein ny kommune. Strilabiblioteker er i følgje juryen eit forbilde for mange andre bibliotek som er i same situasjon.

Kulturarena

Samstundes med spesialiseringa har Strilabiblioteket blitt ein uavhengig og avgjerande møteplass for offentleg samtale, debatt og i løpet av året har dei veldig mange arrangement.

Berre i vår har Strilabiblioteket 58 arrangement av ulikt slag. Biblioteket samarbeider med ulike organisasjonar, men har og faste arrangement som lesestund og strikkekafé.

Det var ein spent gjeng med tilsette som onsdag reiste til Bergen offentlige bibliotek for å delta på prisutdelinga.

– Dette er utruleg stas. Dei tilsette står på kvar einaste dag for å kunne gi innbyggjarane eit godt bibliotektilbod. Å då få ei slik utmerking er fantastisk kjekt. Eg er heldig som får jobbe saman med så mange dyktige og engasjerte kollegaer, seier ein smilande biblioteksjef.

Close Menu