–  Arbeidsmarknaden  har  ikkje  kommunegrenser
Leiar for NAV Alver Jane Britt Daae skal jobbe med å få folk i arbeid.

– Arbeidsmarknaden har ikkje kommunegrenser

Hjartesaka til Alver sin nye NAV-sjef, Jane Britt Daae, er å sørgje for at ungdom ikkje fell utanfor.

–  Vi skal vere tett på arbeidslivet og arbeidssøkjaren, og finne talenta og moglegheitene for den enkelte. Å falle utanfor kan få store konsekvensar og kan påverke både det sosiale livet og helsa. Difor er det viktig at vi støttar ungdom inn i opplæring og utdanning, seier Daae.

Ho er tilsett som prosjektleiar for NAV Alver og 1.1.2020 går ho over i stillinga som leiar for dei rundt 65 tilsette i NAV Alver.

– Eg er veldig heldig som får vere med å byggje ein tett arbeidsfellesskap mellom Lindås, Meland og Radøy. Mykje godt arbeid blir gjort ute i kommunane, og saman blir vi endå sterkare og meir robuste, seier Daae.

Sikre sysselsetting og velferd

I tillegg til å vere leiar i NAV Alver skal Daae sørgje for eit nært samarbeid mellom dei statlege og kommunale tenestene. Ho blir nemleg og regionsleiar for Nordhordland på statleg side.

– Arbeidsmarknaden har ikkje kommunegrenser. Gjennom god dialog skal vi jobbe saman med næringslivet, skular og opplæringskontora for å sikre høg sysselsetting og velferd, seier Daae.

Sjølv kjem ho frå stillinga om avdelingsdirektør for NAV Laksevåg, og har dei siste åra pendla frå Lindås til Bergen. Tidlegare har Daae vore trygdesjef i Masfjorden kommune, og no skal ho snart flytte heim til Masfjorden igjen.

Mange kjenner gjerne Daae frå Nordhordland turlag, der ho har eit brennande engasjement. Med sterk tilknyting til Nordhordland, var leiarstillinga i NAV Alver ein moglegheit ho ikkje kunne la gå i frå seg.

– Å vere med å byggje ein ny kommune er ei spesiell hending, og den ville eg svært gjerne vere med på. Eg gler meg veldig til å bli betre kjent med arbeidsfellesskapet i regionen, seier Daae smilande.

Dei viktige møta

Sjølv om vi lever i ein digital kvardag, skal NAV framleis ha eit sterkt fokus på dei fysiske møta.

– Vi er i kontakt med mange, og søknadsskjemaa våre er tilgjengelege på nett heile døgnet. Likevel er møta ansikt til ansikt svært viktige. Vi er eit moderne NAV-kontor, men vi skal møte innbyggjarane der dei er, på skulen, i heimen eller på arbeidsplassen, forklarer Daae.

Alver sin kommunalsjef for helse og omsorg, Leni Dale, er svært fornøgd med å ha fått den nye NAV-leiaren med på laget.

– Daae har eit sterkt engasjement for gode tenester for innbyggjarane og næringsliv. Ho har lang erfaring frå NAV, og vi er glade for å ha ho i førarsetet når vi skal byggje NAV Alver, seier Dale.

I løpet av 2019 skal NAV-kontora i dei tre kommunane bli til NAV Alver.

– Det er ikkje sikkert folk merkar så mykje endring den første tida, fortel Daae.

Lokaliseringa skal etter planen blir bestemt før sommaren. NAV skal fortsetje å vere eit sosialt sikkerheitsnett for folk som bur i heile Alver kommune.

Close Menu