AVLYST  –  Kurs  for  revy-  og  teaterinteresserte

AVLYST – Kurs for revy- og teaterinteresserte

Dessverre må vi avlyse kurset som skulle arrangerast 30.03. i Haugatun grunna for få påmelde. Vi prøver igjen til hausten!

No kan du melde deg på kurs i lyd og lys, teatersminke, sceneteknikk og galskap.

Det er revy- og teaterentusiaster frå Alver som saman med Ivar Hopland har teke initiativ til å få til ein Alver-revy i 2020. Før dette arrangerer dei kurs og felles samlingar og her kan alle revy- og teaterinteresserte i Alver kommune melde seg på.

Kursa finn stad på Haugatun på Lindås, laurdag 30. mars klokka 10.00 – 16.00. Påmelding er innan fredag 22. mars, klokka 14.00.

Kurs i Lyd og lys:

Bjørn Olav Benjaminsen frå LUL har brei erfaring frå mange store framsyningar som mellom anna «My fair Lady», «Bør Børson» og «Spelemann på taket» samt utallige andre revy og musikaler.

Kurs i teatersminke:

Kristin Rongevær og Hilde Alver Hagesæter har lang fartstid innanfor revy- og teater. Dei har delteke i ulike samanhengar på teaterscener, mellom anna på Hjelmås, Salhus og Bergen. Begge er pådrivarar for kreativitet.

Kurs i sceneteknikk og galskap med Yvonne Algrøy:

Yvonne er ein kjend skodespelar, artist, songar og forfattar med brei erfaring. Innhaldet i kurset er improvisasjon, stemmebruk, tekstarbeid «frå idè til revynummer», og koreografi.

Pris på arrangementet er 200 per person, inkl. mat. Kontonummer 36326154177

Påmelding til kst. kultursjef i Lindås, Eileen m. Feste; Revyfestival sminke

 

 

 

Close Menu