No  er  det  300  dagar  igjen  til  Alver
Jon Askeland (Sp), Astrid Aarhus Byrknes (KrF) og Øyvind Oddekalv (Ap) tel ned kor mange dagar det er igjen til Alver.

No er det 300 dagar igjen til Alver

Vi har tatt ein prat med dei tre ordførarane om vegen fram mot Alver kommune.

– Vi ligg godt an i løypa! Eg er veldig imponert over det gode arbeidet som blir lagt ned av både prosjektorganisasjonen og dei tre eksisterande kommuneorganisasjonane, seier leiar i fellesnemnda, Øyvind Oddekalv (Ap).

Han skryter over kor mange prosjekt som er i sving, og det gode samarbeidet mellom leiing og tillitsvalde.

– Når vi ser til ein del andre samanslåingsprosjekt er eg trygg på at vi har stø kurs mot målet vårt, Alver kommune i 2020, seier Meland-ordføraren.

Saman-haldning

Ein annan som er imponert over kor flott samarbeidet er og har utvikla seg er Jon Askeland (Sp).

– Eg ser at dei tilsette hjelper kvarandre på ein flott måte med alle oppgåvene som må løysast i kvar kommune innan nyttår. Gledeleg er også tilbakemeldingane eg får frå tilsette i Radøy, om at samarbeidet er prega av engasjement, respekt og ei «saman-haldning», seier Askeland smilande.

Han trekk fram at god informasjon blir viktig i overgangen. Dei færraste les sakspapira frå fellesnemnda, men alle ønskjer å møte ei trygg og god tenesteyting, kombinert med ein begeistra og støttande kultur i Alver kommune.

– Det viktigaste er at vi alle er særs bevisste på kommunen sitt hovudoppdrag i det daglege, for det er kommunen som er «velferds-Noreg». Difor er det viktig at innbyggjarane opplever overgangen som trygg og ryddig. Dette krev god leiing og samspel i kommuneorganisasjonen, slik at dei tilsette trivst og er trygge i rolla si, seier Askeland.

Les også: Visekomponist Nicolay Leganger hyller det gode vennskapet i Alver med ein eigen Alver-song.

Klare for innspurten

I bygginga av Alver har fellesnemnda ei viktig rolle. Ordførar i Lindås, Astrid Aarhus Byrknes (KrF) er svært godt fornøgd med jobben som skjer blant politikarane.

– Arbeidet i fellesnemda går godt og vi er tett på prosessane og er i så måte i rute med samanslåinga. Vi har nok eit hektisk år i møte, men i fellesnemnda opplever eg at vi ønskjer å bidra, har gode innspel og refleksjoner og at vi jobber som eit kollegium. Eg er svært nøgd med arbeidet som programansvarleg gjer i lag med programkontoret og leiarar og alle dei dyktige tillitsvalde. Med eit slikt lag så er eg trygg på at vi skal kome i mål til 1.1.2020, fortel Byrknes.

Det er mange viktige saker som skal opp i fellesnemnda i løpet av våren og tidleg haust. Fellesnemnda skal blant anna førebu arbeidet slik at det nye kommunestyret i Alver kommune kan vedta budsjettet for 2020 og den første økonomiplanen på møtet i desember.

– Vi ønskjer og å ha ein prosess rundt det som gjeld ein planstrategi for Alver kommune. Då kan det nye kommunestyret gjere eit tidleg vedtak som gjeld planarbeidet. Mange er opptekne av lokalisering av det kommunale tilbodet. Her er det viktig at vi har fokus på det som står i intensjonsavtalen, tenestene skal vere der folk bur, forklarer Oddekalv.

Framoverlent

Mange har store forventningar til den nye kommunen. Lindås-ordførar Byrknes er oppteken av at Alver skal vere ein framoverlent, framtidsretta og robust kommune.

– Vi må skape ein kommune som set innbyggjarane i fokus, og som til ei kvar tid utvikler tenestene slik at dei kjem innbyggjarar og næringsliv til gode. Ein kommune som gir gode oppvekstvilkår, trygge rammer rundt helse og omsorg og ein kommune der kulturlivet med frivillige og lag og organisasjoner i godt samarbeid byggjer identitet og kultur, seier Byrknes.

Alver kommune vil og vere ei viktig stemme inn mot Bergen og Vestlandet forøvrig og med eit næringsliv som er variert og i utvikling og som Alver kan vere med å tilretteleggje for.

– Eg ønskjer at vi i god dialog med næringsliv og innbyggjarar skal byggje ein sterk kommune med utvikling av heile kommunen, avsluttar Byrknes.

Les også: Slik låg vi an då det var 365 dagar igjen til Alver.

Close Menu