Hyllar  Alver  med  eigenkomponert  song
Ein smilande Nicolay Leganger er stolt over kor gode naboar kommunane i Alver er.

Hyllar Alver med eigenkomponert song

Visemusikaren Nicolay Leganger fekk æra av å opne møtet i fellesnemnda måndag ettermiddag.

– Songen handlar om naboskap, natur, kjærleik og dei som har ofra mykje for at vi skal ha det godt, fortalde komponisten etter framføringa.

Dei vakre tonane hans fylte kommunestyresalen på Manger måndag ettermiddag. Den lokale låtskrivaren har skrive ein eigen song om Alver og det gode venskapet mellom kommunane.

– Det kjentest høgtidleg å få framføre tekst og melodi for fellesnemnda, sa Leganger.

Inspirert av oppveksten

Leganger beundra arbeidet fellesnemnda gjer, og den samarbeidsviljen og godheita som er på tvers av dagens kommunar. Teksten til «Alver hymne» er spesielt inspirert av oppveksten og tida ved Lindås Gymnas.

– Songen har blitt til over lang tid. Eg blei aldri heilt fornøgd med teksten, men i fjor fall han på plass, sa komponisten.

(Sjå video av urframføringa under.)

Fellesnemnda var arena for sjølve urframføringa av «Alver hymne». Songen er ingen offisiell Alver-song, men politikarane syntest det var stas at Leganger kom og framførte den nye visa.

Leganger er eit kjent ansikt i viseklubbmiljøet i Hordaland. Han har stifta og er og leiar for fleire viseklubbar. Sjølv bur han på Hundvin i Lindås kommune. Låta «Alver Hymne» er tiltenkt ein plass på det nye albumet hans «Glede».

Saker i fellesnemnda           

Etter ein vakker start på møtet venta mange spanande saker for medlemmene i fellesnemnda. Her er ei oversikt over nokre av dei:

  • Økonomi: Orientering om arbeidet med økonomiplanen for Alver. Fylkesmannen har kome med ei eiga fråsegn i saka.
  • Lokalisering: Ørjan Raknes Forthun orienterte om korleis ein skal arbeide med å lokalisere dei ulike avdelingane i Alver. Først skal ein gjennomføre ei kartlegging, og før sommaren skal det vere klart kor alle tenester og avdelingar skal liggje. Mange tenester skal vere lokaliserte der dei er i dag, for eksempel skular, sjukeheimar og heimeteneste.
  • Planarbeid: Tenesteleiar for plan og analyse, Kristin Nåmdal orienterte om planarbeidet i Alver.
  • Ordførarkjede: Arbeidet med ordførarkjedet er i full sving. Meir informasjon kjem i neste fellesnemndmøte kunne Nils Marton Aadland (H) fortelje.
  • Lokaldemokratisamling: Politikarane planlegg ei eiga kveldssamling med fokus på lokaldemokrati.
  • Næring: Den nye næringssjefen Tanja Hoel presenterte sine tankar og visjonar for Alver.
Jarle Næss er svært fornøgd med kommunikasjonen mellom tillitsvalde og leiinga.
Jarle Næss er svært fornøgd med kommunikasjonen mellom tillitsvalde og leiinga.

Topp samarbeid

Hovudtillitsvald Jarle Næss hadde også ei orientering. Han skrytte over det svært gode samarbeidet mellom tillitsvalde og leiinga.

– Samanlikna med andre kommunar som slår seg saman går det veldig bra. Vi opplever at leiinga responderer raskt på saker vi tar opp. I tillegg har vi mange felles møtepunkt, sa  Næss.

Han kunne fortelje om stor aktivitet blant dei hovudtillitsvalde. Ein har no klart å få tillitsvalde til alle prosjekt. Lokalisering, løn og goder er tema som blir viktige å få avklart i tida framover, meinte Næss.

Medlemmene i fellesnemnda braut ut i applaus etter at Næss hadde skrytt så vel over det gode samarbeidet.

 

Close Menu