Beste  kulturkommunen  i  Hordaland
Jubelen stod i taket blant dei tilsette i Radøy kommune.

Beste kulturkommunen i Hordaland

Radøy kommune er av Norsk kulturforum kåra til årets kulturkommune i Hordaland.

– Vi har i alle år prioritert å auke løyvingar til kultur- og idrett. Vi kan understreke at kvar einaste krone investert i kultur, idrett og frivilligheit er det mest lønsame vi kan gjere. Kulturen er limet i lokalsamfunnet vårt, sa ein strålande fornøgd Jon Askeland (Sp).

Radøy-ordføraren fekk gleda av sleppe nyheita torsdag ettermiddag.

Dei tilsette i Radøy kommune braut ut i spontan applaus då dei fekk nyheita.
Dei tilsette i Radøy kommune braut ut i spontan applaus då dei fekk nyheita.

Til inspirasjon inn i Alver

– Dette er utruleg bra. Prisen er ei anerkjenning til mange frivillige lag og organisasjonar i kommunen. Det er ein lagsiger, sa Askeland.

Ordføraren peika på at kommunen var gjennom ein krevjande periode med store økonomiske utfordringar, men der ein samstundes prioriterte å auke løyvingar til kultur og idrett.

– Me er veldig glade for prisen og ser på dette som krona på verket for radværingane, samtidig som det forpliktar og inspirerer til at Alver kommune også blir ein god kultur- og idrettskommune, sa Askeland.

Lokalavisa Strilen var på plass for å dekke den gode nyheita, og dermed blei det fotoshoot utanfor rådhuset på Manger.
Lokalavisa Strilen var på plass for å dekke den gode nyheita, og dermed blei det fotoshoot utanfor rådhuset på Manger.

Satsar på ungdom, idrett og korps

5. mars reiser ei gruppe stolte radværingar til fylkestinget i Hordaland for å motta den gjeve prisen. Juryen uttaler at Radøy er ein markant kulturkommune som har gjort kultur til ein viktig faktor i det lokale utviklingsarbeidet.

– Gjennom langsiktige og målretta tiltak har dei etablert kulturpolitiske satsingar som svarer på dei lokale behova, og er innretta etter folketal og geografi. Dei er gode føredøme for andre, heiter det i juryen sine vurderingar.

Radøy kommune blir no Hordaland sin kandidat til å få den nasjonale prisen Norges kulturkommune. Juryen har vore samansett av fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun, fylkesdirektør kultur og idrett Per Morten Ekerhovd og leiar for Norsk kulturforum Hordaland Lennart Fjell.

– Den breie ungdomssatsinga, samt den spissa satsinga opp mot idretts- og korpsmiljøet bør trekkast særskilt fram. Manger Musikklag er ikkje berre Radøy sin stoltheit, men og Hordaland og Noreg, er ei av juryen sine grunngjevingar.

Kake må til når Hordaland sin beste kulturkommune skal feire seg sjølv. Økonomisjef Sveinung Kvamme (t.h.) fekk æra av å sprette kaka.
Kake må til når Hordaland sin beste kulturkommune skal feire seg sjølv. Økonomisjef Sveinung Kvamme (t.h.) fekk æra av å sprette kaka.

 

Close Menu