Skal  ditt  parti  stille  til  val?
Det skal vere 47 representantar i Alver kommunestyre. No er tida komen for at partia skal sende inn sine listeframlegg. (Illustrasjonsfoto: Tore Fjeld/Kommunal- og moderniseringsdepartementet)

Skal ditt parti stille til val?

Alle parti/grupper som ønskjer å stille til kommunestyrevalet i september må melde inn listeframlegget til valstyret i Alver. Siste frist for innlevering er 1. april 2019, kl 12.

Framlegget må innehalde:

  • Kva val det gjeld (kommunestyrevalet 2019)
  • Kva kommune det gjeld (Alver kommune)
  • Namn på parti /gruppe

Valdirektoratet har utarbeida malar for listeframlegg, malane finn du her: https://valg.no/nn-no/kommunestyre–og-fylkestingsvalet-2019/lister-og-parti/vegleiing-til-utfylling-av-listeforslag/

Krav

Kandidatane som stiller til val kan ikkje stå på meir enn ei liste og dei må vere valbare til kommunestyrevalet. Sjå vallova § 3-3.

Det skal vere 47 representantar i Alver kommunestyre, framlegget må ha minimum 7 kanditatar og maks 53 kandidatar. Lista skal vere utfylt i rekkjefølgje, og dei kandidatane som skal ha eit røystetillegg skal markerast med utheva skrift. Dette tillegget kan gjevast til maks 6 kandidatar.

Listeframlegget skal og ha eit vedlegg som viser fødselsdato til alle kandidatane i tillegg til dei listeansvarlege. Sjå vallova § 6.

Slik sender du inn

Frist for innlevering av listeframlegg til valstyret i Alver er 31.mars kl. 12:00. Då må framlegga ha kome fram til kommunen. I 2019 er 31.mars ein søndag og innleveringsfristen er då flytta til 1.april 2019 kl. 12:00.

Framlegget kan sendast som brevpost til: Valstyret i Alver kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, eller leverast i kundesenter/ekspedisjon på rådhuset i Meland, Radøy eller Lindås.

Har du spørsmål?

Valstyret i Alver har ansvar for handsaming og godkjenning av listeframlegg til kommunestyrevalet 2019.  Meir om valstyret finn du ved å klikke her.

Ta gjerne kontakt med valansvarleg Tove Mette Fyllingen ftm@lindas.kommune.no, tlf 474 64 145.

Kommune- og fylkestingsvalet er måndag 9. september.
Kommune- og fylkestingsvalet er måndag 9. september.
Close Menu