Fersk  næringssjef  i  Alver
Tanja Elisabeth Hoel ønskjer at Alver skal ta ein tydeleg posisjon i Vestland fylke.

Fersk næringssjef i Alver

Tanja Elisabeth Hoel er nyleg starta i jobben som næringssjef. Ho skal bidra til at vi får sterke synergieffektar når tre kommunar skal bli til ein.  

– Dette blir spennande. Eg brenn for innovasjon og entreprenørskap og ser fram til å bruke kompetansen, nettverket og erfaringa mi. Saman med lokalt næringsliv skal vi arbeide med å vidareutvikle ein region som tenkjer nytt og skapar fleire arbeidsplassar, seier Tanja Elisabeth Hoel.

Ho er opprinneleg marinbiolog, med ei leiarutdanning på toppen. Dei siste sju åra har Hoel vore tilsett i ei direktørstilling i The Seafood Innovation Cluster. Erfaringa med å drive gode samarbeidssynergiar innanfor næringsutvikling og innovasjon i sjømatnæringa vil vere ei god erfaring i jobben som ny leiar for næring og utvikling i nye Alver kommune.

Alver skal ta ein posisjon i Vestland

– Vi blir ein storkommune, og må vekse og modne inn i den nye rolla. Vi må løfte fram konkurransefortrinna våre, sjå på kva vi kan vidareutvikle og kor vi kan skape vekst. Eg ønskjer at Alver kan bli ein kommune som tar ein posisjon i Vestland fylke, seier Hoel.

Tanja er tilsett som næringssjef i Lindås i 2019, og i 2020 går ho over i rolla som leiar for næring og utvikling. I tillegg til å fungere som næringssjef skal ho byggje opp ein utviklingsorganisasjon i Alver. Stillinga skal liggje under samfunnsutvikling, som er Hogne Haugsdal sin sektor.

– Hoel har vist imponerande resultat i samarbeid med næringslivet, og har erfaring og nettverk som kan bidra til å skape nye moglegheiter i Alver kommune, seier Haugsdal.

Han er vært glad for å ha Hoel på plass i stillinga. Firebarnsmora som er busett i Åsane har klare ambisjonar for korleis samarbeid på tvers skal sikre utvikling.

Rusta for framtida

Hoel er oppteken av at Alver skal tenkje i eit langt perspektiv. Digitalisering og velferdsteknologi er eksempel på samarbeidsområde som vi satsar på for å skape ei berekraftig samfunnsutvikling. Slik skal vi bli klare for å møte nye samfunnsutfordringar i framtida.

– Vi må engasjere næringsliv, forskings- og utdanningsmiljø, organisasjonar og innbyggjarar til eit samarbeid om utvikling. I regionen har vi mykje god kompetanse. Blant anna har vi ein prosessindustrien som er svært energieffektiv, noko som gjer han verdsleiande innan klima og miljø. Alver er godt posisjonert for å ta ein endå meir offensiv posisjon, seier Hoel.

Den nye næringssjefen ønskjer å bidra til god koordinering for satsingar innan bioressursar, energi, klima og miljø. Hoel ønskjer og å leggje til rette for ny næringsverksemd og kunnskapsbaserte arbeidsplassar. I tillegg peikar ho på at det er viktig å skape ei endå meir berekraftig næringsutvikling.

– Skal vi lukkast må vi engasjere dei unge talenta vi har i regionen. Dei er ein av dei viktigaste ressursane vi har. Alver har ei særs viktig oppgåve saman med næringslivet og utdanningsaktørane for å tiltrekke oss talenta og sikre oss tilgang på relevant kompetanse i framtida, seier Hoel engasjert.

Close Menu