Vil  du  strikke  Alver-genseren?
Dei vil finne Alvergenseren: Hege- Therese Nilsen i Hordaland Husflidslag, Aud Marit Halland frå Nordhordland Husflidslag, Øyvind Myhr frå Hillesvåg Ullvarefabrikk, Evy Bjørvik Dame frå Nordhordland Husflidslag og designer hos Hillesvåg Ullvarefabrikk, Berit Løkken, har vore med i arbeidsgruppa for Alvergenseren.

Vil du strikke Alver-genseren?

Strikkeglade blir no utfordra til å skape den nye Alver-genseren. Premien er på heile 10 000 kroner.

– Når vi blei spurte om dette, heiv vi oss rundt. Klart vi må ha ein Alver-genser!, seier Berit Løkken som er ansvarleg for design hjå Hillesvåg Ullvarefabrikk.

Ho har sjølv designa mange mønster, mellom anna for Redd Barna. Ho skal sitje i juryen saman med representantar mellom anna frå husflidlaget.

– Vi ser etter ein genser eller ei trøye som speglar særpreget og identiteten til den nye kommunen. Plagget kan bere preg av både tradisjon og fornying, og bør passe til både vaksne og born, seier ho.

Vil fremje handverkstradisjonar

Det er kulturavdelingane i Meland, Lindås og Radøy som har tatt initiativ til den store design- og strikkekonkurransen, saman med Hillesvåg Ullvarefabrikk og Nordhordland Husflidslag. I juryen sit også kultursjef for den nye kommunen, Eirik Bouwer Utne.

– Vi håpar at ein Alvergenser eller kofte kan vere med på å skape identitet og fellesskapskjensle for dei som bur i Alver kommune. I tillegg ønskjer vi å fremje handverk og tradisjonar i den nye kommunen. Vi gler oss veldig til å sjå kva dei strikkelglade i Alver kan få til, seier Utne.

Catwalk og utstilling

Plagga kan leverast inn på biblioteka i Meland, Lindås og Radøy innan 6. september. Eit utval av genserane/trøyene vil bli viste på catwalken i Knarvik Senter under opninga av Ullveka 2019.

Etter dette vil dei pryde ei utstilling hos Hillesvåg Ullvarefabrikk fram til kåringa i januar 2020. På nyåret skal genserane/trøyene rundt på ei vandreutstilling på biblioteka i Alver kommune.

Hillesvåg Ullvarefabrikk vil hjelpe til med det tekniske kring å ferdigstille oppskrifta ut frå vinnaren sine notat, og lagar oppskrifta i fleire storleiker. Vinnaren får ein pengepremie på 10.000 kroner i tillegg til heider og ære.

Reglar for konkurransen

  • Strikketrøya eller genseren skal vere mønsterstrikka og ha element som vitnar om identiteten og særpreget til den nye kommunen. Plagget kan bere preg av både tradisjon og fornying, og vi vil ha ei kort beskriving av bakgrunnen for val av mønster.
  • Genseren/trøya bør kunne passe til både kvinne, mann og born.
  • Mønsteret må ikkje vere vanskeleg å strikke og gjerne ikkje meir enn 5 fargar dersom ein vel fleirfarga motiv.
  • Plagget må vere strikka i ullkvalitet frå Hillesvåg Ullvarefabrikk og med pinnetjukkleik 2,5 til 5,0 mm.
  • Alle bidrag blir anonymiserte og nummererte før overlevering til jury.
  • Plagget skal vere ferdig montert ved innlevering.
  • Hillesvåg Ullvarefabrikk eig rettane til vinnarmønsteret, og forvaltar desse saman med Alver kommune og Nordhordland Husflidslag. Hillesvåg Ullvarefabrikk vil selje mønsteret i lag med garn.
  • Frist for innlevering av ferdigtrikka, montert plagg og mønster: Fredag 6. september 2019.

 

Slik leverer du

Den ferdige genseren leverer du på eit av biblioteka i Meland, Lindås eller Radøy. Her får du utdelt eit skjema der du skal fylle ut namn og kontaktinformasjon, samt kort om bakgrunn for symbolikk og fargebruk.

Close Menu