–  Kulturen  byggjer  vi  saman
I april kan du mellom anna besøkje opne kunstatelier, - verkstader og galleri mange stader i det som blir Alver kommune. Her får du møte og bli kjent med kunsthandverkarar og kunstnarar. Galleri Rustica på Holmeknappen er eit av desse. Tekstilkunstnar Anne S. Johnsen driv galleriet saman med mannen Leif Johnsen.

– Kulturen byggjer vi saman

I desse dagar får innbyggjarar i Meland, Lindås og Radøy det første av tre kulturprogram i postkassen. Kultursjef Eirik Bouwer Utne gler seg til at folk skal få myldre i gode opplevingar i tida fram mot den nye kommunen.

Seinhaustes i fjor møttest representantar frå kultur- og organisasjonslivet i kantina i Nordhordlandshallen. Agendaen var å ha ein idédugnad for Alver sitt kulturprogram i 2019. Meir enn 60 personar troppa opp, og danna grunnlaget for det første av i alt tre kulturprogram som i desse dagar kjem ut til innbyggjarane i det som skal bli Alver kommune.

Klikk her for å lese programmet. 

– Engasjementet har vore stort for vinter- og vårprogrammet, og i tillegg ser vi at programmet for sommaren blir proppfullt, særleg for born og unge. Så kjem det nokre overraskingar til hausten, røper kultursjef Eirik Bouwer Utne.

Kultur- og aktivitetsprogrammet er eit samarbeid mellom det breie kulturlivet og dei tre kommunane.

Samarbeid på tvers

– Utan det enorme engasjementet frå organisasjonslivet, einskilde, frivillige og dei profesjonelle hadde vi ikkje hatt det fantastiske kulturtilbodet vi har i dag. Kulturen byggjer vi saman, seier Utne, som gler seg til å dele programma med innbyggjarane.

Fristen for å melde inn arrangement til programmet for juni-august er 24. april, og frist for september-desember er 22. juli. Kultursjefen forsikrar om at vilja til å byggje oppunder det rike kulturlivet i den nye kommunen ikkje stoppar her.

– Dette programmet er eit forvarsel på at vi kjem til å køyre på i Alver, samarbeide med lag og organisasjonar, finne nye initiativ og komme med gode kulturtilbod og –tenester, lovar Utne.

Han nytter høvet til å skryte av arrangørgruppa, som verkeleg har stått på for å sy dette i hop.

Les også intervjuet «Kulturbyggjaren» med Eirik Bouwer Utne.

Om kulturprogrammet

Lindås, Meland og Radøy kommune blir Alver kommune 1. januar 2020. Som eitt av tiltaka for å skape interesse for og tilhøyrigheit til den nye kommunen, blir det laga tre aktivitets- og kulturprogram for perioden januar 2019 til januar 2020. Det er kulturavdelingane i Meland, Lindås og Radøy kommune som står bak invitasjonen, og som planlegg programma saman med lag og organisasjonar i dei tre kommunane.

I november arrangerte vi Alver kulturforum. Dette blei eit godt treffpunkt mellom kulturavdelinga i kommunane, frivillige lag og organisasjonar og det profesjonelle kulturlivet i Alver kommune. Målet er å utvikle samarbeidet mellom dei ulike kulturaktørane og med kommunen.

Close Menu