Vi  har  runda  1000  likes!
Full feiring på Meland rådhus. Silje Andvik Hoaas (t.h.) fyrer av twist-kanona til stor jubel frå dei tilsette.

Vi har runda 1000 likes!

Tusen takk til alle som følgjer bygginga av Alver på nettsida vår og på Facebook.

– Å byggje ein ny kommune er ein stor og krevjande jobb. Då er det ekstra viktig at vi stoppar opp og feirar milepælane. Det er kjekt å ha det gøy saman på tvers av arbeidsområde. Positiv energi og litt galskap må til, seier kommunikasjonsansvarleg Silje Andvik Hoaas, smilande.

Ho siktar til stuntet på rådhuset i Meland som markerte at Vi byggjer Alver si Facebook-side har passert 1000 følgjarar. Med ballongar, konfetti, twist-kanon og ein gjeng energiske tilsette blei det ei spenstig feiring.

– At følgjartalet aukar er eit teikn på at fleire ønskjer å følgje arbeidet med å byggje Alver, og at dei sakene vi skriv er relevante. Det er vi veldig glade for, seier Hoaas.

Har du tips til saker eller innspel til nettsidene? Kontakt oss gjerne! 

Send ein e-post til webredaktør Ingunn Gjærde (ingunn.gjerde@lindas.kommune.no), eller ring på 918 03 962.

Close Menu