Fantastiske  NM-prestasjonar
Eikanger-Bjørsvik musikklag vann Brass NM i helga. Styreleiar Stig Ryland og nestleiar musikk Magnus Brandseth viser fram det gjeve troféet. (Foto: Privat)

Fantastiske NM-prestasjonar

Alver-korpsa leverte under noregsmeisterskapet i brass.

Tre av dei fire beste korpsa i elitedivisjonen held til i Alver kommune. Best av alle blei Eikanger-Bjørsvik musikklag, som stakk av med NM-tittelen for fjerde gang på rad.

Bak Eikanger-Bjørsvik følgde Stavanger brass band på andreplass. Tredjeplassen var det Manger musikklag som sikra seg, og like utanfor pallplass kom Bjørsvik brass.

Gratulasjonar

Etter dei gode prestasjonane har gratulasjonane strauma på.

– Gratulera så mykje til Eikanger-Bjørsvik med nok eit NM-gull! Det er veldig imponerande å ta fire på rad. Gratulera og til Manger, ikkje minst med eit imponerande sjølvvald program. Vi er alle imponerte og stolte over den kjempeflotte innsatsen til alle dei lokale korpsa i «verdas beste korpskommune», seier Øyvind Oddekalv, ordførar i Meland og leiar i fellesnemnda.

Korpskommune nr 1

Lokalavisene følgde NM-konkurransen tett, og Nordhordland (krev abonnement) tok ein prat med Viggo Bjørsvik frå Eikanger-Bjørsvik musikklag etter sigeren var sikra.

– Kva seier det om Nordhordland når dei får tre av dei fire øvste plassane i elitedivisjonen i NM, spurde avisa.

– At Alver kommune kjem til å verta ein kanonkommune, sa Bjørsvik og lo.

Vi gratulerer alle musikantar med vel blåst under NM!

Les også: Kultursjefen sine tankar om den nye kommunen.

Close Menu