Kulturbyggjaren
– Verdas beste korpskommune, verdas beste kulturskule? Vi må i alle tilfelle tørre å tenkje stort og langt fram, seier Eirik Bouwer Utne.

Kulturbyggjaren

I ein oransje godstol, med bøker på alle kantar, finn vi mannen som skal arbeide for at kultursektoren i Alver får best mogleg levekår. Dette er Eirik Bouwer Utne, Alver sin første kultursjef.

– Kulturlivet spelar ei grådig viktig samfunnsrolle. Vi skal bidra til å dyrke engasjementet og moglegheitene ute i lokalsamfunna, fortel ein framoverlent Utne.

Han er utdanna arkeolog og har jobba med kulturminneforvaltning, men for Eirik Bouwer Utne ligg heile den store breidda i kultursektoren nærast hjarta. I fleire år levde han av musikken, og reiste med bandet på spelejobbar frå Tokyo i aust til San Francisco i vest. Han har òg undervist i kulturskular og vore involvert i drift av ungdomstilbod.  Sidan 2016 har han vore kultursjef i Meland, og no overtar han ansvaret for kultur inn i Alver.

Avdelingsleiarane er snart på plass

Gitaristen som er vaksen opp i Godvik i Bergen bur no på Kronstad, like sør for Bergen sentrum. På heimebane er han småbarnspappa med elbil, sambuar og to born på 1,5 og 3 år.

– No er det berre hund som manglar, seier han smilande.

Men med overgangen til Alver manglar det ikkje på saker å hengje fingrane i på jobb heller. Mellom 70 og 80 personar har stillingar knyta til kulturavdelingane i Meland, Radøy og Lindås. I desse dagar held han på med innplassering av avdelingsleiarar.

– Kulturavdelingane består av ein svært engasjert og kompetent gjeng, som kjenner sine kommunar godt og både vil og kan mykje, seier Utne.  Eg kjenner meg privilegert som får lov til å leie denne prosessen i samarbeid med det breie kulturlivet i Alver.

Alle detaljane er ikkje på plass endå, men tenesteområdet kultur blir delt inn i fire avdelingar.

Siste nytt frå avdelingane

Strilabiblioteket:

Biblioteket på Manger kjem inn i samarbeidet mellom Frekhaug og Knarvik bibliotek. Biblioteket i Knarvik skal framleis vere eit bibliotek for kunnskap og oppdaging. Biblioteket på Frekhaug skal vere eit bibliotek for kultur og oppleving. Planen er at biblioteket på Manger skal ha ein profil spesielt retta mot barn og ungdom. Det er viktig at biblioteket òg i framtida blir ein arena for debatt og samtale.

Kulturskulen:

Vi skal fortsetje med ei desentralisert undervisning, som tener heile Alver. Kulturskulen skal òg vere eit kompetansesenter for kultur- og musikklivet i området.

– Verdas beste korpskommune, verdas beste kulturskule? Vi må i alle tilfelle tørre å tenkje stort og langt fram, seier Utne.

Ungdom, fritid og medverknad:

– Avdelinga skal mose på for ungdommen, seier Utne. Ungdom skal ha tydelege aktørar, som lokale ungdomsklubbar, i sitt nærmiljø. Avdelinga skal leggje til rette og sørgje for at ungdom får vere med og delta, og få oppleve at deira stemme òg kan blir høyrd.

Kulturutvikling, idrett og frivilligheit:

Dette kulturfaglege feltet inneheld alt frå scene, musikk og kunst til kulturminnevern og kulturhusutvikling, og ikkje minst idrettsfaglege spørsmål og friluftsliv. Dei tre frivilligsentralane skal fortsetje inn i Alver, og blir ein del av avdelinga. Frivilligsentralane skal vere eit satsingsfelt framover.

Aktiv involvering av tilsette

– Vi har prøvd å lage rom der alle kan og skal bli involverte. Det er viktig at vi får med oss kunnskapen frå dei tre kommunane sitt kulturfelt, og at dei tilsette ser at dei har reelle høve til å påverke.

Eit av verktøya Utne brukar aktivt er den digitale prosjektportalen. Han ser mange fordelar med å jobbe i ei skyløysing, og ha ein stad med kontinuerleg oppdaterte dokument.

– Prosjektportalen er eit nyttig verktøy for å jobbe saman, og alle involverte kan følgje med på prosessen, seier Utne.

Når dei interne prioriteringane er avklarte lovar Utne at tenesteområdet hans skal bli meir synlege eksternt i den vidare prosessen.

– Vi kjem for eksempel til å invitere til ulike tematiske møte om korleis vi skal samarbeide inn i Alver. Vi er heilt avhengige av at kommunen, kultur- og organisasjonslivet, einskilde frivillige og den profesjonelle delen, spelar saman. Berre slik kan vi sikre gode tilhøve for kulturkommunen Alver, avsluttar ein engasjert kultursjef.

 

Close Menu