Kva  skjer  med  dei  kommunale  avgiftene?
Marit Samnøy Jøssang (KrF) og dei andre politikarane er klare for å ta fatt på oppgåvene som fellesnemnda står ovanfor i 2019.

Kva skjer med dei kommunale avgiftene?

Fellesnemnda har hatt sitt første politiske møte i 2019. Ei av sakane som blei handsama var kva ein skal gjere med dei kommunale gebyra inn i Alver.

1.januar 2020 må Alver kommune ha på plass gebyr- og betalingssatsar for kommunale tenester. Programansvarleg Ørjan Raknes Forthun fekk brei tilslutning då han la fram prosjektmandatet for fellesnemnda førre måndag. Ei prosjektgruppe skal levere eit forslag til kva dei kommunale satsane bør vere. Vidare skal saka opp i fellesnemnda i juni 2019. Eit endeleg vedtak blir gjort av kommunestyret i Alver før nyttår 2020.

Satsane til Alver kommune skal vere ei samordning av dei tre kommunane sine prisar, gebyr og avgifter. Vanlegvis er slike satsar eit resultat av strategiske og politiske prioriteringar for kommunen, og slik skal det også vere i Alver. Då det nye kommunestyret ikkje er på plass før mot slutten av året, vil det vere krevjande å gjennomføre store strategiske prosessar før vedtaket.

Våren 2020 skal gebyr- og betalingssatsar vere tema på strategisamlinga til formannskapet i Alver. Då skal ein utarbeide eit nytt gebyrregulativ for Alver, som gjeld frå 2021.

Klar for spørsmål

Ei anna sak som stod på programmet for fellesnemnda var handsaminga av interpellasjonen til Høgre og Framstegspartiet som kom før jul. Ein interpellasjon er ei form for spørsmålsstilling, og som ikkje var omtala i det politiske reglementet til Alver. Dermed var det duka for diskusjonar kring formuleringar og rolla til politikarane i fellesnemnda.

– Det er rart at ein ikkje vil ha med interpellasjonar og grunngjevande spørsmål. Ein innsnevrar moglegheitene for politikarane til å stille spørsmål. I andre fellesnemnder er det utbreidd bruk av interpellasjon, argumenterte Øyvind Bratshaug (FrP).

FrP-politikar Øyvind Bratshaug fekk ikkje gjennomslag for å innføre interpellasjonar i fellesnemnda.
FrP-politikar Øyvind Bratshaug fekk ikkje gjennomslag for å innføre interpellasjonar i fellesnemnda.

Bratshaug la fram eit eige forslag, men framlegget fekk seks stemmer og fall. Ørjan Raknes Forthun erkjente at det var uheldig at formuleringane i reglementet ikkje opna for spørsmål frå politikarane. Han la difor fram eit forslag til tillegg i det politiske reglementet. Med 15 røyster blei det fleirtal for ei ny formulering, som formaliserer både spørsmålsstilling og tinging av utgreiing frå politikarane.

Nokre av dei andre sakene:

Begeistring over kulturprogrammet: Bente K. Hervik, leiar for kulturprogrammet, og Eirik Bouwer Utne, kultursjef i Alver, gav politikarane ein smakebit på alle kulturaktivitetane som skal skje medan vi byggjer Alver. Stolpejakt, museumssommar og Alverdagen er berre nokre av arrangementa som skal finne stad i løpet av 2019. Presentasjonen skapte stort engasjement og tilbakemeldingane frå politikarane var svært positive. I desse dagar blir det ferdigstilt ein brosjyre som skal sendast ut til innbyggjarane i Alver.

Økonomisk politikk: Arbeidet med økonomisk politikk og handlingsreglar for Alver skal startast opp. Fellesnemnda vedtok samrøystes mandatet som Forthun la fram. Planen er at sjølve gjennomføringsfasen varer frå mars til juni 2019. Økonomireglement og finansreglement skal så bli vedtatt i kommunestyret for Alver i november 2019.

 

Close Menu