–  Eg  ser  fram  til  å  komme  inn  i  eit  team
Gunn-Torhild Ramslien og Stein Ove Valdersnes er svært fornøgde med det nye, store brannsamarbeidet.

– Eg ser fram til å komme inn i eit team

Det seier Stein Ove Valdersnes, som skal vere fag- og stasjonsansvarleg for deltidsstyrkene i Nordhordland brann og redning.

1.1.2019 gjekk startskotet for Nordhordland brann og redning. Då slo brannvesenet i Radøy, Austrheim, Lindås, Meland og Modalen seg saman til eitt brannvesen. Det nye brannsamarbeidet har felles administrasjon og vi har gått frå tre til ein brannsjef.

– Eg som har jobba i Radøy har vore aleine som brannsjef på dagtid, og har hatt deltidsstyrkene med meg i ryggen. Kor dei er på dagtid er det ingen som veit, men når alarmen går pleier det å komme ein del folk. Eg ser fram til å komme inn i eit team, der vi får eit overordna nivå som jobbar i team på dagtid, og at vi får litt meir system på øvingar og den biten, seier Valdersnes.

Den tidlegare brannsjefen i Radøy har fått nye ansvarsområde, og er svært positiv til å komme inn i eit stort miljø, og få eit godt samarbeid kommunane imellom. Han får ansvar for dei 115 deltidstilsette brannkonstablane rundt om i dei fem kommunane.

Aukar beredskapen

Det er Karl Johannes Romarheim som blir brannsjef for Nordhordland brann og redning.

– Publikum kjem ikkje til å merke så mykje til endringane, men vi her inne på stasjonen og deltidsstyrkene skal merke at her er det blitt ein større og meir robust organisasjon, seier Romarheim.

Ingen stasjonar skal leggjast ned, sjølv om ein går inn i eit større samarbeid. Det skal vere minimum 16 brannkonstablar tilknyta kvar stasjon.

– Vi skal skjerpe beredskapen på Manger, Kaland, Mastrevik og Lindås ved å få opp vaktstyrken der ute, forklarer Romarheim.

Klare til å hjelpe

– Det som er spesielt med brannkonstablar er det enorme engasjementet. Det er kjempesmå stillingsbrøkar, men likevel stiller dei opp kveld, dag og natt, seier Gunn-Torhild Ramslien.

Ho er ny avdelingsleiar for den operative avdelinga, og skryter over det fantastiske brannkorpset vi har i Nordhordland. Godt samhald og å støtte kvarandre i alle situasjonar er svært viktig.

– Mange har eit rosenraudt forhold til det å jobbe i brannvesenet, men det er mange tøffe tak og, fortel Ramslien.

Nordhordland brann og redning blir kalla ut på alt frå husbrannar til bilulukker og helseoppdrag. Espen Olsvik og teamet på feiaravdelinga bidrar til å forhindre husbrannar. Det førebyggjande arbeidet er heilt essensielt for å minimere talet på alvorlege hendingar. Den nye avdelingsleiaren gler seg til å vere ein del av det store brannsamarbeidet.

– Vi blir eit stort fellesskap, og vi skal lære av kvarandre, seier han smilande.

Close Menu