1  år  igjen  til  Alver  –  korleis  ligg  vi  an?
Anny Bastesen (f.v.), Leni Dale, Janne Sund, Martin Kulild, Ørjan Raknes Forthun, Jarle Landås, Kristin Moe, Lisbeth T. Alvær og Hogne Haugsdal er klare for eit nytt år med å byggje bru mellom tre kommunar.

1 år igjen til Alver – korleis ligg vi an?

No er det berre 365 dagar igjen til Radøy, Meland og Lindås blir Alver kommune. Vi har spurt toppleiinga om kva siste status er, og kva forventningar dei har til 2019.

Oppvekst: Dei tilsette er suksessfaktoren

2019 blir eit historisk år for alle som får vere med å bidra inn mot den nye kommunen vår. Leiar Kristin Moe trur det blir både eit spanande og lærerikt år i oppvekstsektoren.

– Vi har mange flinke medarbeidarar i våre kommunar i dag, som vil bidra til det beste for tenestetilbodet i Alver. Våre prosjekt har naturleg nok stort fokus på målsetjingar og prioriteringar retta mot barn og unge, der våre tilsette er den viktigaste suksessfaktoren for å nå måla våre, seier Moe.

Alle tenesteleiarane for sektoren er på plass, og organisasjonskartet for tenesteområda blei drøfta i møtet med dei hovudtillitsvalde i desember. I januar startar konseptfasen for prosjektet med arbeidstittelen Fagutvikling, stab, støtte oppvekstsektoren. DigiAlver-prosjekta er også godt i gang.

– Gjennom arbeidet med prosjekta i 2019 skal vi samlast om dei prioriterte områda som må vere felles før vi går inn i ein ny kommune. Vi skal også definere form på samarbeid, møteplassar samt kvalitets- og utviklingsarbeid som bidrar til at sektoren er: samordna på prioriterte område, byggjer fellesskap og står rusta til å møte framtidige utfordringar og behov. Det er mange viktige avklaringar som skal takast i året som kjem, og mange aktive og motiverte bidragsytarar. Eg gler meg, seier Moe, smilande.

 

Teknisk forvaltning og drift: Stor stå-på-vilje

– Vi er klare for å starte organisasjonsprosjekta like over nyttår. Vi skal også gå i gang med å få på plass datasystema som skal vere med vidare, i tråd med konklusjonane i DigiAlver-prosjektet, seier leiar for teknisk forvaltning og drift, Anny Bastesen.

2019 blir eit travelt år, og det er mange store og små prosjekt som skal gjennomførast. Dei tilsette skal involverast i mange prosessar, og alle tenesteleiarane er på plass.

– Eg trur det blir svært kjekt å samarbeide om å byggje opp organisasjonen, ta i bruk nye system, utvikle nye rutinar og nye samarbeidsprosessar. Noko vil vere på plass til 01.01.2020, og nokre prosessar vil fortsetje inn i Alver. Eg har eit særs positivt inntrykk av dei tilsette sitt utolmodige ønskje om å komme i gang med å forme den nye kommunen. Her er rikeleg med kompetanse å byggje på, og det er ein gledeleg stor stå-på-vilje i dei tre kommunane, seier Bastesen.

Tett samarbeid når toppleiinga byggjer bru.
Tett samarbeid når toppleiinga byggjer bru.

Økonomi: Avgjerande med god planlegging

– Vi er i full gang med fagprosjektet «Visma Enterprise Alver kommune». Dette prosjektet går ut på å byggje opp Alver kommune i økonomisystemet, slik at vi er sikra at tilsette får lønn og at fakturaer blir registrert, attestert og tilvist i januar 2020, seier leiar for økonomi, Janne Sund.

I tillegg er økonomiavdelinga godt i gang med organisasjonsprosjektet for tenesteområde økonomi, og legg opp til drøfting av organisasjonskartet i februar 2019.

– 2019 blir eit spanande år! Vi skal sikre koordinering av alle DigiAlver-prosjekta slik at vi er sikre på at dei ulike prosjekta sine delleveransar skjer i rett tid. Det er spesielt på løn og rekneskap det blir viktig at input frå alle DigiAlverprosjekt (som er forsystem til lønn eller rekneskap) blir gjennomførte i rett tid. På løn- og rekneskapsavdelinga skal vi sikre både ordinær drift for dei tre kommunane samstundes som vi skal byggje Alver i lønn- og økonomisystemet. God planlegging er derfor avgjerande, forklarer Sund.

Organisasjonsprosjekta som skal gjennomførast både på tenesteområde økonomi og HR og utvikling, skal mellom anna sørge for at vi løyser arbeidsprosessar som går på tvers av tenesteområda på best mogleg måte.

– Vi ser mellom anna på korleis vi kan bidra til god flyt og enklare arbeidsprosessar for leiarane i organisasjonen. Eg forventar at vi blir eit godt rusta lag i løpet av 2019, som står klare til å gå saman inn i Alver 1. januar 2020, seier Sund.

 

HR og utvikling: Engasjement og endringsvilje

HR og utvikling er eit nytt og spennande tenesteområde i Alver kommune.

– Vi er i gang med konseptfasen i organisasjonsprosjektet, og har starta arbeidet med målbilete, organisasjonskart og å identifisere dei viktigaste områda som krev samordning før 2020. Prosjektgruppa er på plass, og det blir i desse dagar etablert arbeidsgrupper som skal bidra i prosessen, fortel Lisbeth T. Alvær.

Ho gler seg over at det er mykje positiv energi, engasjement og endringsvilje i organisasjonen for tida. Dei tilsette er ivrige etter å bidra i bygginga av Alver kommune, og tillitsvalte er viktige og konstruktive støttespelarar i dette arbeidet.

– Dei tilsette er kommunen sin viktigaste ressurs! Kvar og ein sitt engasjement og måten ein utfører jobben er viktig for at Alver kommune skal bli ein god plass å leve, bu og jobbe. Eg ser fram til eit år der vi «ser moglegheitene», set brukar i fokus, gjer kvarandre gode og saman byggjer Alver kommune for framtida!

 

Samfunnsutvikling: Tar med oss mykje kompetanse

Alver kommune skal vere ein heilskapleg samfunnsutviklar, og vi har klare ambisjonar for arbeidet med samfunns- og næringsutvikling. Sektoren skal i hovudsak jobbe med den langsiktige planlegginga og utviklinga av kommunen, og skal sikre at vedtatt politikk i Alver blir ein del av dei overordna planane og utviklingsstrategiane for samfunn og organisasjon.

– Tenesteleiarar for plan og analyse og kultur er på plass, i tillegg til at leiar for politisk sekretariat er avklart. Tenesteleiar for næring og utvikling er rekruttert eksternt og er på plass i februar. Kultur har allereie starta på prosessen med å innplassere avdelingsleiarar, forklarer leiar for samfunnsutvikling, Hogne Haugsdal.

Plan og analyse held på med konseptfasen. Dei andre områda startar på konseptfasen etter nyttår. I tillegg jobbar sektoren med fleire prosjekt som skal førebu Alver kommune på sentrale områder, mellom anna grunnlaget for planarbeid i Alver, næringsutvikling og beredskapsarbeid.

– I 2019 skal vi sjølvsagt jobbe med å organisere sektoren og finne ut korleis vi skal jobbe saman, men vi skal også leggje kunnskapsgrunnlaget for den første planstrategien og kommuneplanen for Alver. Ein viktig del av dette utviklingsarbeidet handlar mellom anna om korleis vi kan bli best å involvere våre innbyggjarar i det overordna utviklingsarbeid, seier Haugsdal.

Han synest det er utruleg spennande å få vere med å byggje opp ein heilt ny kommune og utvikle ein organisasjon som skal sikre heilskapleg utvikling av kommunen.

– Eg gler meg stort til å jobbe saman med alle dei dyktige medarbeidarane vi har – det er stort engasjement og eg er imponert over all kompetanse vi tar med oss inn i ny kommune. Eg trur vi har store moglegheiter til å skape noko nytt og spennande på dette området, seier Haugsdal smilande.

 

Helse og omsorg: Skapar gode tenester for alle

I helse- og omsorgssektoren er 5 av 6 tenesteleiarar på plass og organisasjonsprosjekta er godt i gang for fem tenester. Organisasjonskartet blei drøfta i HTV-møtet i desember.

– For NAV Alver lyser vi no etter prosjektleiar. Eg reknar med at vi får oppstart av organisasjonsprosjektet for denne tenesta tidleg i 2019. Dette vil og bli den framtidige leiaren for NAV Alver, fortel leiar for helse og omsorg, Leni Dale.

2019 får ingen roleg start, med både anskaffing av nytt elektronisk pasientjournalsystem og oppstart av fire DigiAlver-prosjekt for konsolidering av systema. I tillegg blir det sett i gang prosjekt for forvaltningskontor og området fagutvikling/stab/støtte. Dale synest det er svært interessant å vere med på å byggje ny kommune.

– Vi ser fram til arbeidet med å sikre heilskaplege tenester og gode samhandlingsrutinar for og mellom tenesteområda. Med så mange dyktige medarbeidarar i dei tre kommunane er vi ikkje i tvil om å lukkast med gode tilgjengelege tenester for innbyggjarane i Alver kommune.

 

Rådmann og assisterande rådmenn: Byggjer Alver saman

Programansvarleg Ørjan Raknes Forthun og dei to assisterande rådmennene Jarle Landås og Martin Kulild held oversikt på at alt går etter planen med bygginga av Alver.

– Vi følgjer med på framdrifta, og kan trygt seie at vi er i rute. No er det så mykje som skjer ute i organisasjonen at vi ikkje lenger har oversikten på alle detaljane. Men vi har mange dyktige tilsette med på laget, som sørgjer for gode prosessar i bygginga av Alver, seier Forthun.

I starten av 2019 byrjar innplasseringa av avdelingsleiarar. Mykje bra arbeid skjer ute i organisasjonsprosjekta. Vi har redusert usikkerheitene kring IKT-prosjekta, og no har vi ein god plan for å avslutte arkivsystema i dei gamle kommunane. På nyåret startar også økonomiplanarbeidet om Alver sitt første budsjett, ein viktig milepæl for Alver.

– Eg ser fram til 2019 og arbeidet med utforming av ny kommune. Arbeidet er strukturert og med den entusiasme, energi og driv som medarbeidarane viser kjem dette til å gå veldig fint. Vi har eit godt samarbeid med politikarar og ordførarar, og det er viktige diskusjonar i fellesnemnda, seier Jarle Landås, assisterande rådmann i Alver.

– Dei tillitsvalde legg ned ein stor innsats for å sikre gode prosessar i overgangen til ny kommune. Vi har fantastiske tilsette med oss på laget, og saman skal vi byggje Alver. 2019 blir eit år med høg aktivitet og store forventningar. Vi skal tilby gode tenester til heile kommunen. Nokon tilsette vil kanskje kjenne på litt sakn som følgje av endra oppgåver og ansvarsområde, men dei fleste trur eg er mest spente på kva framtida har å by på, seier assisterande rådmann Martin Kulild.

– Vi gler oss til kva som ventar i 2019, og til å byggje sterke bruer mellom Radøy, Meland og Lindås. Om eitt år kan vi feire starten på Alver kommune saman. Vi skal byggje ein sterkare og betre organisasjon, og finne dei beste løysingane for Alver, seier Forthun, ein engasjert framtidig rådmann i Alver kommune.

Close Menu