Eit  lyspunkt  i  førjulstida
Anne Marie Flom (t.v.) er aktivitør ved dagsentertilbodet til Meland sjukeheim. Ho sørgjer for at førjulstida blir ei koseleg tid for Jon Husebø og dei andre eldre.

Eit lyspunkt i førjulstida

På dagsenteret ved Meland Sjukeheim står juletreet pynta, og i alle vindauga lyser sjuarma lysestakar opp. Inne duftar det godt av nylaga kakao, og julebrød. Dagsenteret er eit tilbod for heimebuande og for bebuarar ved sjukeheimen.

– Vi prøver å gjere førjulstida så hyggjeleg som mogleg. Vi serverer julemat, og har musikk og song. Enkelte gangar kjem barnehagane inn og syng for oss, fortel aktivitør ved dagsenteret, Anne Marie Flom.

I tillegg får dei som nytter dagsenteret tilbod om fysioterapi, fotstell og frisør. For 81 år gamle Jon Husebø er dagsentertilbodet eit lyspunkt.

– Eg kjem her kvar einaste tysdag. Eg bur åleine etter at kona mi døydde for nokre år sidan, og då er det kjekt å kome hit og snakke med folk. Her får eg dessutan god middag og kaffi, seier Husebø med eit smil.

Like før praten har han vunne bingorunden på dagsenteret. Bingo er noko dei eldre set pris på.

– Det er ein fin måte å halde husken ved like, seier Anne Marie Flom, medan ho serverer rykande varm kakao med krem.

Jon Husebø bur på Husebø i Meland, og hadde fiskeforretning i Absalon Beyers gate i Bergen i 50 år. Han starta verksemda i 1963 og pensjonerte seg i 2004. Jula skal han feire saman med familien sin i Skuteviken, der éin av tre soner har busett seg. Han ser positivt på at heimkommunen no skal slå seg saman med Lindås og Radøy.

– Eg har tru på at det vert bra med Alver kommune, spår han.

Close Menu