–  Det  er  godt  å  vite  at  ein  hjelper  nokon
Leila Torsvik og Jimmy Amundsen starta desember med å flytte kontorstad til Knarvik.

– Det er godt å vite at ein hjelper nokon

Jimmy Amundsen stortrivst som saksbehandlar i barnevernet i Radøy. I byrjinga av desember gjekk flyttelasset til Knarvik, og no gler han seg til eit større fagmiljø og meir spesialiserte oppgåver.

1.1.2019 går startskotet for Lindås, Meland og Radøy barnevern. Eitt år før andre avdelingar blir til éin, får Alver-kommunane felles barnevernteneste.  

– Det er litt rart å flytte. Samtidig er eg veldig positiv til at vi blir fleire folk på avdelinga, seier Amundsen, som har sju års erfaring i barnevernet i heimkommunen.

No skal han jobbe med nye meldingar som kjem inn til barnevernet, og starte oppfølginga av desse. Internt blir det mange endringar ved nyttår. Dei tilsette i barnevernet blir samlokaliserte i Knarvik. I tillegg får dei nye kollegaer og leiarar, og det blir nye rutinar og arbeidsoppgåver.

Sissel leiar barnevernet inn i Alver

No blir det ei spesialisering av barnevernstenesta. I frå å jobbe meir generelt, skal dei tilsette no jobbe meir spesialisert og tenesta er delt inn i fleire avdelingar. Slik styrkar vi fagmiljøa på dei ulike avdelingane.

– Ved å spesialisere barnevernet, kan dei tilsette bli betre og utvikle seg på sitt område, forklarer Sissel M. Frotjold.

Frotjold har i eitt år vore prosjektleiar for felles barnevern i dei tre kommunane, og blir framtidig tenesteleiar for Alver barnevern. Det siste året har Frotjold arbeidd med å førebu endringane som kjem.

– Vi har hatt mange felles samlingar, og prata om forventningar, prøvd å skapa ein felles kultur og blitt betre kjente, seier den nye tenesteleiaren.

Sissel M. Frotjold gler seg til å leie Lindås, Meland og Radøy barnevern inn i nye Alver kommune.
Sissel M. Frotjold gler seg til å leie Lindås, Meland og Radøy barnevern inn i nye Alver kommune.

I overkant av 50 personar er tilsett i Lindås, Meland og Radøy barnevern. Radøy kommune har det formelle ansvaret for den samla barneverntenesta fram til Alver kommune er på plass i 2020. Det nyaste tilskotet blir den nye samarbeids- og nettverkskontakten som skal tilsetjast i 2019. Hovudoppgåva til denne personen blir å vere ei forlengjande hand ut, og gjere barnevernet meir kjent.

Landar på beina

– Vi har på mange måtar kasta alt i lufta. No skal vi lande igjen. Det er omfattande endringar, men til no har bygginga av eit nytt barnevern vore ei spanande og positiv oppleving, seier Frotjold.

Med fleire års erfaring som einingsleiar i barnevernet i Oslo, og einingsleiar for BUFETAT (Barne-, ungdoms- og familieetaten) i Vest, er det ein erfaren leiar med eit smittande engasjement som overtar roret i Alver-kommunane.

På laget får Frotjold med seg ei rekkje dyktige tilsette. Leila Torsvik er barnevernsleiar i Radøy i dag, og går inn i ei avdelingsleiarstilling i Alver.

–  Me har venta lenge på å flytta saman. Eg er veldig klar, og det er kjekt at vi kan starte eit år før andre avdelingar, seier Torsvik.

Eit stort fagmiljø skal sikre god kvalitet på tenesta. Barnet sitt beste skal framleis vere hovudfokus nummer ein. I BUFDIR (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) sin gjennomgang av barneverntenestane i alle kommunar i Noreg, fekk både Lindås, Meland og Radøy grønt lys. Undersøkinga har blant anna sett på tilsyn, fristar og oppfølging.

Gjerne fleire menn

Lindås, Meland og Radøy barnevern vil vere organisert med ein tenesteleiar og fem avdelingar med kvar sin avdelingsleiar. Avdelingsinndelinga er slik:  avdeling mottak – og undersøking, avdeling tiltak, avdeling fosterheim, avdeling for familieveiledning og avdeling for einslege mindreårige flyktningar.

Amundsen er ein av to menn på kontoret i Knarvik, og han skulle gjerne sett fleire.

– Det er dumt at det er litt få menn. Eg trur mange ville trivst her, seier Amundsen.

Han har i alle fall ikkje angra på yrkesvalet. Ingen dagar er like. Sjølv om ein kan stange hovudet i veggen nokre ganger, gjeld det å vere løysingsorientert og finne andre alternativ.

– Det er godt å vite at ein hjelper nokon, seier Amundsen.

Korleis kjem du i kontakt med barnevernet?

Barnevernet skal framleis tilby viktige og gode tenester for innbyggjarar i Lindås, Meland og Radøy.

Frå 3. desember vil alle barneverntenester vere lokaliserte i Knarvik. Det vil ikkje lenger vere tilsette frå barnevernet som har kontorstad på Radøy og i Meland.

 

Slik kjem du i kontakt med barnevernet:

Ring sentralbordet: 56 37 50 82.

Kontoret finn du her: Kvassnesvegen 27, 3. etasje, 5914 Isdalstø (Geco-bygget)

 

NB: Viss du er i dialog med barnevernet, kan det hende at du får ein ny saksbehandlar/kontaktperson frå 2019. Informasjon har blitt sendt ut i posten og du vil bli informert viss du får ny saksbehandlar/kontaktperson.

 

Les også: Slik melder du frå til barnevernet.

Close Menu