Skal  ut  på  den  opne  marknaden
Bjarte Vatnøy (FrP) stilte spørsmål ved kva tilleggskompetanse det interkommunale selskapet eventuelt måtte trenge, for å vere revisjonsselskap for Alver.

Skal ut på den opne marknaden

I dag er det ulike revisjonsordningar i dei tre kommunane. Fellesnemnda fekk i oppgåve å bestemme kva ordning Alver skal ha, og det blei både habilitetsvurderingar, utsetjingsforslag og debatt før avgjerda kom.

Anna Valle (Sp) ville ha utsetjing av saka, for å få betre kunnskap om gjeld og ansvar for tilsette. Forslaget fekk 8 av 19 stemmer og fall.

Øyvind Oddekalv (Ap), Jon Askeland (Sp) og Jostein Borlaug (Ap) var inhabile, då dei er medlem/varamedlem i representantskapet i Nordhordland Revisjon. I dag har Lindås avtale med eit privat selskap, Deloitte. Radøy og Meland har avtale med det interkommunale selskapet Nordhordland Revisjon.

Med 14 stemmer vedtok til slutt fellesnemnda at alle revisjonstenester i Alver skal kjøpast i marknaden.

Anna K. Valle (Sp) (t.h.) ville utsetja avgjerda om kva revisjonsordning Alver skal ha. Her i samtale med Astrid Aarhus Byrknes (KrF).
Anna K. Valle (Sp) (t.h.) ville utsetje avgjerda om kva revisjonsordning Alver skal ha. Her i samtale med Astrid Aarhus Byrknes (KrF).

Fellesnemnda hadde ei lang saksliste måndag ettermiddag. Dette var nokre av sakene:

  • Byvekstavtalen: Astrid Aarhus Byrknes (KrF) og Ørjan Raknes Forthun orienterte. Lindås ønskjer å utsetje deltakinga i Byvekstavtalen. Kommunen ønskjer å inngå ein intensjonsavtale om at Lindås kan kople seg av no, og at Alver kan kople seg på om nokre år når avtalen skal rullerast i nasjonal transportplan (NTP). Grunnen er at det i arbeidet med Byvekstavtalen er korte fristar og store saker som skal handterast. Samstundes har det førebels vore mykje pisk og lite gulrot, synest Byrknes.
  • Barnevernet i Lindås, Meland og Radøy blei måndag samlokaliserte i Knarvik, og 1.1.2019 skal dei slå seg saman. Sissel Mary Frotjold er ny leiar for barnevernet, og orienterte om å byggje ei ny felles avdeling. Ho fekk mange spørsmål frå engasjerte politikarar, og kunne forsikre om at det beste for barnet alltid er i fokus.
  • Møteplanen for 2019 blei vedteken.
  • Økonomiplanar: Programansvarleg Ørjan Raknes Forthun orienterte om ein utfordrande økonomisk situasjon.
  • Interpellasjon x2: Høgre og Framstegspartiet hadde sendt inn to interpellasjonar. Den eine, om gevinstrealisering i prosjekt, blei trekt. Den andre, om statleg finansiering av omsorgstenester, blei utsett til neste møte. Fellesnemnda skal då vurdere om dei ønskjer å nytte interpellasjon (ei form for spørsmålsstilling) som metode.
  • Budsjett for fellesnemnda: Ørjan Raknes Forthun orienterte om nokre endringar. Blant anna vil det koste 10 millionar meir enn venta å rydde i gamle arkiv.

Trykk her for å lese alle sakene og vedtaka.

Det blei eit langt fellesnemndmøte på Øyvind Bratshaug (FrP) og dei andre politikarane. Møtet varte i nær fem timar.
På vegner av Høgre og FrP fremma Øyvind Bratshaug (FrP) to interpellasjonar.
Close Menu