Søk  tilskot  til  kulturarrangement  og  –aktivitetar  i  Alver  2019
Foto: Ane Bysheim

Søk tilskot til kulturarrangement og –aktivitetar i Alver 2019

No kan lag og organisasjonar og andre kulturaktørar søkja tilskot til kulturarrangement og –aktivitetar i Alver i 2019. Aktivitetane og arrangementa som får tilskot vert ein del av aktivitets- og kulturprogrammet i Alver kommune som skal gå frå januar 2019-januar 2020. Målet med dette programmet er å skapa interesse for og tilhøyrigheit til den nye kommunen.

Kulturarrangementa og –aktivitetane som skal vera ein del av aktivitets- og kulturprogrammet må oppfylla minst eitt av følgjande kriterium:

• Vera eit samarbeid mellom aktørar i dei tre kommunane

• Vera ei arrangementsrekkje med arrangement i dei tre kommunane

• Vera eit arrangement med storleik eller tematikk som gjer at heile Alver er nedslagsfelt

Frist for å melda inn arrangement til aktivitets- og kulturprogrammet er 10. januar.

Søknadsfrist for tilskotsordninga er 9. desember og 10. april.
Søknadsskjemaet nedanfor skal nyttast.

Søknad om kulturmidlar

    Søkjar

  • Om tiltaket

  • Kontonr. for eventuell utbetaling

 

Verifisering

Close Menu