Fekk  nye  innspel
Det var givande å møte medlemer i andre fellesnmemnder, syntest Karl Vågstøl (H).

Fekk nye innspel

Karl Vågstøl (H) og dei andre politikarane i fellesnemnda reiste til Bergen for å få fagleg påfyll. I tillegg fekk dei møte andre i same situasjon.

Onsdag hadde kommunane sin arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon (KS) invitert alle fellesnemndene i Hordaland og Sogn og Fjordane på fellessamling. Utfordringar, fallgruver og suksessfaktorar ved å byggje ny kommune stod på programmet. I tillegg var lokaldemokrati og bygging av ein ny politisk kultur sentrale emne.

– Dette er interessant. Vi kjenner oss igjen i mykje av det som blir tatt opp, men vi får også nye innspel, sa Karl Vågstøl.

Politikarane i fokus

Han var fornøgd med programmet, og saman med  Anna K. Valle (Sp) diskuterte han politikarane si viktige rolle inn i Alver.

– Politikarane har eit ansvar dei må ivareta, sa Valle.

Til no har mykje handla om rigging av organisasjonen, og begge Alver-politikarane såg fram til at budsjett og økonomi snart kjem på sakslista i fellesnemnda. I førre fellesnemnd var vekstbedriftene som tilbyr tilrettelagte arbeidsplassar ei av sakene det blei orientert om. Sjølv om Vågstøl og Valle kjem frå to vidt forskjellige parti, var dei heilt samde om at vi skal byggje Alver saman.

Dei vel 80 deltakarane på dagskonferansen verka å sette pris på at politikarane si rolle var i fokus.

– Vi har eit godt nettverk for administrasjonen, men til no har vi hatt for lite tilbod til dei folkevalde som byggjer nye kommunar, sa Victor Ebbesvik, seniorrådgjevar i KS.

Saka fortset under bildet.

Tillit er viktig for lokaldemokratiet, forklarte Frode M. Lindtvedt, avdelingsdirektør i KS.
Tillit er viktig for lokaldemokratiet, forklarte Frode M. Lindtvedt, avdelingsdirektør i KS.

Lokaldemokrati på dagsorden

Frode M. Lindtvedt er avdelingsdirektør i KS. Han arbeider ved avdelinga for lokaldemokrati, europapolitikk og internasjonalt arbeid, og hadde ein grundig presentasjon om korleis vi kan styrke og utvikle lokaldemokratiet.

– Eit godt lokaldemokrati, med høg tillit, har vi når innbyggjarane kjenner seg godt representerte, dei folkevalde set dagsorden og kommunane leverer det som er lova, sa Lindtvedt.

Innbyggjarane må vite korleis dei skal få ei sak på dagsorden. Lindtvedt tok også for seg døme på tiltak for demokratisk fornying.

Leiar i fellesnemnda, Øyvind Oddekalv (Ap), fortalde til forsamlinga korleis vi i Alver har jobba med å skape engasjement blant innbyggjarane. Han trekte fram 15 turar i Alver som ei suksesshistorie.

Les saka om seks år gamle Olivia, som var ein av vinnarane av 15 turar i Alver-konkurransen. Denne veka har vi også kåra vinnaren av fotokonkurransen.

Fire blide Alver-politikarar. Frå venstre Anne Grete Eide (Ap) Kirsti Gjetle Floen (Ap), Nina Stabell Øvreås (FrP) og Nina Bognøy (Ap).
Fire blide Alver-politikarar. Frå venstre Anne Grete Eide (Ap) Kirsti Gjetle Floen (Ap), Nina Stabell Øvreås (FrP) og Nina Bognøy (Ap).
Close Menu