Vil  du  skape  aktivitet  i  Alver?
No blir kulturaktørane i Lindås, Meland og Radøy oppmoda til å samle seg for å laga eit heidundrande kulturprogram fram mot Alver kommune 2020. Måndag 12. november klokka 19.00 er alle inviterte til idédugnad i kantina i Nordhordlandshallen.

Vil du skape aktivitet i Alver?

Er du kulturaktør i Lindås, Meland eller Radøy? Då inviterer vi deg til å bli med på å lage kulturprogram fram mot nye Alver kommune.

Korleis kan kulturaktørar og -aktivitetar bidra til å skape interesse for og tilhøyrigheit til den nye kommunen? Lag og organisasjonar blir no inviterte til idéverkstad for å planleggje arrangement som skaper tilhøyrigheit til nye Alver kommune.

Idéverkstaden finn stad i kantina i Nordhordlandshallen måndag 12. november klokka 19.00 – 21.00.

Lindås, Meland og Radøy kommune blir Alver kommune 1. januar 2020. Som eitt av tiltaka for å skape interesse for og tilhøyrigheit til den nye kommunen, skal det lagast eit aktivitets- og kulturprogram for perioden januar 2019 til januar 2020. Det er kulturavdelingane i Meland, Lindås og Radøy kommune som står bak invitasjonen, og som skal planleggje programmet saman med lag og organisasjonar i dei tre kommunane.

Vil utvikle samarbeid

– Alver kulturforum er eit treffpunkt mellom kulturavdelinga i kommunane, frivillige lag og organisasjonar og det profesjonelle kulturlivet i det som blir Alver kommune. Målet er å utvikle samarbeidet mellom dei ulike kulturaktørane og med kommunane, fortel Bente K. Hervik, som er leiar for kulturprogrammet.

– Vi håpar at kulturarrangementa skal bidra til å skape interesse for og tilhøyrigheit til den nye kommunen, og vere med å løfte kulturtilbodet i det som blir Alver kommune. Arrangementa kan vere eit samarbeid mellom lag i minst to av kommunane, ei arrangementsrekkje med arrangement i kvar av dei tre kommunane eller arrangement av ein slik storleik at det har heile Alver kommune som nedslagsfelt, seier Hervik.

Ho håpar at mange lag og organisasjonar blir inspirerte til å bidra til aktivitets- og kulturprogrammet fram mot nye Alver. Kulturprogramgruppa ser vidare på korleis kommunane kan bidra i dette. Hervik seier at alle detaljane ikkje er på plass enno, men informasjon om dette vil kome på heimesidene til dei tre kommunane, og på www.alverkommune.no.

– Vi håpar på godt oppmøte og mange kreative innspel, avsluttar Hervik.

VIL SKAPE AKTIVITET I ALVER : Arbeidsgruppa som arbeider med aktivitets- og kulturprogrammet i Alver Kommune håper at kulturarrangementa skal bidra til å skape interesse for og tilhøyrigheit til den nye kommunen, og vere med å løfte kulturtilbodet i det som blir Alver kommune: F.v. Marit Gro Berge, biblioteksjef i Lindås og Meland, Bente K. Hervik, rådgjevar for kultur i Radøy, Gro Anette Fanebust, kommunikasjonsrådgjevar i Lindås, Nina Randal, dagleg leiar Meland frivilligsentral, Katarina Birkeland, ungdomskoordinator i Radøy, Eirik B. Utne, kultursjef for Alver og Eileen M. Feste, konstituert kultursjef i Lindås. Camilla Søderstrøm Tvedt, kulturskulerektor i Meland var ikkje til stades, men er og med i gruppa.
VIL SKAPE AKTIVITET I ALVER : Arbeidsgruppa som arbeider med aktivitets- og kulturprogrammet i Alver Kommune håper at kulturarrangementa skal bidra til å skape interesse for og tilhøyrigheit til den nye kommunen, og vere med å løfte kulturtilbodet i det som blir Alver kommune: Framme f.v. Marit Gro Berge, biblioteksjef i Lindås og Meland, Bente K. Hervik, rådgjevar for kultur i Radøy, Gro Anette Fanebust, kommunikasjonsrådgjevar i Lindås. Bak f.v.: Nina Randal, dagleg leiar Meland frivilligsentral, Katarina Birkeland, ungdomskoordinator i Radøy, Eirik B. Utne, kultursjef for Alver og Eileen M. Feste, konstituert kultursjef i Lindås. Camilla Søderstrøm Tvedt, kulturskulerektor i Meland var ikkje til stades, men er og med i gruppa.
Close Menu