Vekstbedriftene  har  mykje  å  bidra  med
KIM-leiar Morgan Taule ønskte tettare samarbeid mellom vekstbedriftene på enkelte område.

Vekstbedriftene har mykje å bidra med

Måndag var det møte i fellesnemnda. Der fortalde vekstbedriftene Aufera, Gløde og Knarvik Industri og Miljø (KIM) om bedriftene og moglegheitene inn i Alver.  

– Vi tilfører samfunnet mykje, og er ikkje berre ein utgiftspost, sa Kari Smith tydeleg frå talarstolen.

Ho er dagleg leiar i Aufera, som omsette for 5,5 millionar i 2017. Radøy kommune har i dag ein eigardel på 47 prosent i bedrifta.

Vekstbedriftene tilbyr tilrettelagte arbeidsplassar, og driver blant anna med vaskeri, transport og matlaging.

Diskusjon i 2019

På nyåret byrjar prosjektet om IKS (interkommunale selskap) og eigarskap i Alver. Då skal ein ta stilling til eigarskapa Radøy, Meland og Lindås har i ulike selskap.

– Det blir opp til Alver å utarbeide ein strategi for korleis de kan bruke oss best mogleg, sa dei tre vekstbedrift-leiarane.

Saka fortset under bildet.

Kari Smith og Bjørn-Arild Herfindal fortalde om arbeidet som blir gjort i vekstbedriftene i dag.
Kari Smith og Bjørn-Arild Herfindal fortalde om arbeidet som blir gjort i vekstbedriftene i dag.

Ei utfordring som blei teken opp er behovet for støtte til varig tilrettelagt arbeid (VTA). VTA-plassar er for dei som er uføretrygda, og har behov for tilrettelagt arbeid i ei skjerma bedrift. Per no er det ingen ledige plassar, og over 20 på venteliste i Nordhordland. Vekstbedriftene har kapasitet, men manglar finansiering.

Fleire av politikarane uttrykte uro over situasjonen. Ei moglegheit er at kommunen kan gå inn og kjøpe plassar. Ståle Hauge (Ap) spurde om forskotering kunne vere ei løysing.

Moglegheiter

Vekstbedriftene var opptekne av å sjå moglegheiter inn i Alver. Dei hadde fleire konkrete forslag,  blant anna om drift av kantine i det nye Helsehuset, vaskeri for kommunale institusjonar, plenklipping og planting på private graver.

– Vi er opptekne av å ha god samhandling med eigarkommunane, sa Bjørn-Arild Herfindal, dagleg leiar i Gløde.

Saman med dagleg leiar i KIM, Morgan Taule, var han open for tettare samarbeid mellom vekstbedriftene i framtida. Aufera-leiar Kari Smith var på si side klar på at fusjon ikkje er noko god løysing.

I fellesnemnda var det berre orienteringssaker som stod på sakslista denne gangen. Etter runden om vekstbedrifter orienterte programansvarleg Ørjan Raknes Forthun om siste nytt frå programkontoret.

Her finn du presentasjonen hans og presentasjonen til vekstbedriftene. (Prøv ein annan nettlesar om lenkja ikkje fungerer.)

 

Fellesnemnda høyrde godt etter under orienteringane. Frå venstre Anne Grete Eide (Ap) og May Britt Vågenes Gjerde (Sp).
Fellesnemnda høyrde godt etter under orienteringane. Frå venstre Anne Grete Eide (Ap) og May Britt Vågenes Gjerde (Sp).
Close Menu