Dette  glimtskotet  sikra  Renate  sigeren
Nicoline (2 år) og Nikolai (3 år) storkosar seg i matpausen, på veg til Storufsen. Det herlege biletet kapra førsteplassen i fotokonkurransen. (Foto: Renate Thomassen)

Dette glimtskotet sikra Renate sigeren

Renate Thomassen har knipsa biletet som gjekk heilt til topps i Instagram-konkurransen vår.

– Dette var veldig kjekt, sa vinnaren, medan ho fekk overrekt ei stor fruktkorg som premie.

Renate Thomassen har gått alle turane i 15 turar i Alver, og bidrog med fleire flotte bilete i fotokonkurransen.

Vinnarbiletet er av Nicoline (2 år) og Nikolai (3 år) på tur til Storufsen. Biletet er tatt den siste dagen av 15 turar i Alver. Nicoline, som er barnebarnet til fotografen, set ekstra pris på matpausen undervegs.

Mange har fotografert medan dei har gått 15 turar i Alver. Alle som har merka bileta med #15turarialver på Instagram, var med i konkurransen.

Juryen, med ordførarane i spissen, hadde ei vanskeleg oppgåve med å plukke ut éin vinnar. Men turgleda som vinnarbiletet viser, var det ingen som kunne måle seg med. Vi gratulerer med sigeren!

Her kan du lese kven som vann tur-delen av 15 turar i Alver.

Renate Thomassen syntest det var stas å vinne fotokonkurransen.
Renate Thomassen syntest det var stas å vinne fotokonkurransen og ein flott premie.
Close Menu