Vinnarane  av  15  turar  i  Alver  er  kåra
Turglade Olivia Marie Helland Aadland er strålande fornøgd med førsteplassen.

Vinnarane av 15 turar i Alver er kåra

Olivia Marie Helland Aadland (6) stakk av med sigeren i barnekonkurransen.

Den spreke seksåringen elskar å vere ute i friluft, gå på fjellet og i skogen. Det er ho som leier an når familien går på tur. Saman med storebroren på åtte år, konkurrerer ho om kven som er først til toppen.

Å leite etter kodeord i 15 turar i Alver synest ho har vore heilt supert. Dette har det gått sport i! No kan ho innkassere 1.000 kroner på friluftsinteressa.

Desse vann

20. oktober blei konkurransen avslutta, og vi har no trekt seks heldige vinnarar.

Born 0-12 år:
1. premie: Olivia Marie Helland Aadland
2. premie: Malene M. Klanderud
3. premie: Ingrid S. Stien

Vaksne (13 år og oppover)
1. premie: Elisabeth Valle
2. premie: Lars Helge stien
3. premie: Ingunn Furubotten

Dei vaksne har gått minst 10 av dei 15 turane, medan borna har gått minst 7.

Flotte premiar

1. premiane er eit gåvekort på kr 1.000 i fondsandelar frå Sparebanken Vest​, 2. premiane er gåvekort på kr 500 frå Knarvik Senter​ og 3. premiane er gåvekort på kr 300 frå Knarvik Senter.

Tusen takk til Sparebanken Vest og Knarvik Senter som har stilt med premiar, og takk til alle dei frivillige som har bidratt med å plassere ut og vedlikehalde postane!

15 turar i Alver har skapt mykje engasjement. På sist fellestur med ordførarane var 60 personar med til Kolåstoppen.

Vinnaren av biletkonkurransen blir kunngjort neste veke.

Den spreke 6-åringen Olivia Marie Helland Aadland tar seg gjerne ein tur på Morkefjellet.
Den spreke 6-åringen Olivia Marie Helland Aadland tar seg gjerne ein tur på Morkefjellet.

 

Close Menu